Bærekraftig forvandling # 3

Betalt samarbeid med kommersielle aktører

Det går unna i Posebyen! Snekkarane frå Launes er alt ferdig med å gipse att trapperekkverket. Det er godt å sjå at arbeidet går fort og at resultatet er topp. Men interiørdesignar Belinda sitt redesign av den gamle trappa er ikkje heilt sluttført. Gipsveggane må sparklast og målast fyrst

Å måle ein vegg er ein ting, men å sparkle gipsveggar er noko heilt anna. Eg har sett for mange dårlege resultat frå heimesparkling til at eg vågar å gå laus på oppgåva utan rettleiing. Difor har eg fått den blide og dyktige målermeistaren Yngve Bratland, til å halde eit lynkurs med meg

Yngve forklarar dei grunnleggande prinsippa og synar korleis ein skal gjere. Det ser både elegant og enkelt ut når han svingar med sparkelspaden. Så får prøve meg, og eg merkar kjapt at det langt i frå er så enkelt som det ser ut. Yngve er likevel raus nok til å gjeve meg ein «godkjent karakter». Det er trass alt fyrste gong eg sparklar.

 

Belinda dukkar opp for å sjekke at alt er i rute. Me tek ei runde saman i leilegheita for å sjå korleis det ligg an. Ho er nøgd og tykkjer at resultatet er bra. Imens me står og talar om ulike løysingar for hyller, oppbevaring og møblering kjem røyrleggar Martin Måreid Lundevoll frå Comfort Reiersen VVS. Han har med seg servantbatteri, dusjbatteri og diverse anna som eg har bestilt frå Tapwell. Belinda og eg er som ungar på jolaften når me opnar eskene. Me har valt ei overflate som heiter «brushed nickel» og det er utruleg flotte produkt me pakkar opp. Designet er tidlaust  og det er høg kvalitet på materialene dei er laga av. Dette kjem til å vere like fint i mange år framover. 

I går måla eg det første strøket på soverommet mitt. Det var Belinda som hadde valt fargen. I dag tok me ein inspeksjon for å sjå korleis det såg ut. Tak, veggar, listverk og dør er måla i same farge. Belinda er nøgd og sjølv tykkjer eg at fargen er heilt nydeleg. Eg føler ro og harmoni, og eg er trygg på at dette vert eit rom eg kjem til å sove godt i

Sjølv om arbeidet er godt i rute er det viktig å ha kontroll på arbeidet som skal utførast i dagane som kjem. Det er litt over to veker til alt skal vere ferdig og berre små feilskjer kan velte planen. Me set oss ned for å avklare detaljar, gjere endeleg fargeval for dei romma som ikkje er måla og set opp ei liste over kva for møblar og lamper eg må kjøpe. På fredag skal Belinda og eg på bruktmarknad for å gå skattejakt etter det eg treng. Det vert spanande, og ikkje minst vert det godt å gjere nok anna enn å pusse opp i nokre timar.