Bærekraftig forvandling # 8

Betalt samarbeid

I «Bærekraftig forvandling på 4 uker» har me satt som mål å gjennomføre oppussing og innreiing av ein gamal leilegheit på mest mogleg berekraftig vis. Det er mange som spør meg kva det eigentleg betyr og korleis det skil seg frå «vanleg» oppussing og innreiing. Det skal forsøke å gje eit svar på.

Ei av dei største utfordringane for miljøet er at me menneskje har eit for høgt forbruk vurdert etter jordas bereevne. Dersom alle i verda hadde det same forbruket som det me har i Noreg og dei andre vestlege landa, så hadde me trengt 3,6 jordklodar. Me har berre ein.

Det høge forbruket grip inn alle aspekt ved liva våre, som til dømes mat, kler, teknologi, møblar og oppussing.  Årsakene til det høge forbruket er mange. Noko skyldast kultur, økonomi og tilgong, men eigenskapar ved produkta spelar og inn. Produkt som er trendbasert eller har låg kvalitet har kort levetid, og bytast ofte ut. Ein meir berekraftig forvaltning  handlar om å halde materialar og ressursar i bruk så lenge som mogleg og å bruke dei om att.

Når ein pussar opp og innreier ein heim ønskjer ein å få det finast mogleg og at alt skal fungere godt. Ofte vel ein å byte ut det som er gamalt og slitt, og det nye ein kjøper skal vere tidsmessig og trendy. I dette prosjektet tenker me annleis. Så langt det er mogleg har me valt å reparere og forskjønne overflater og installasjonar. Det me har mått tilføre av nytt er valt ut frå vurderingar av kvalitet, levetid og lågast mogleg miljøbelastning knytt til produksjonen.

Eitt døme på dette er med anna ombygging av vegg mellom den eine stoda og gonga. Då me tok over leilegheita var det ei stor opning utan dør. Me ønskja å bygge opninga ein halv meter mindre og å få inn ei dør. På den veggen som vendar mot gonga reiv me ned det gamle panelet, og satt opp nytt reisverk og ny panel. Me valte eit nytt panel med høg kvalitet frå ein lokal leverandør. Panelet er laga av osp, har eit tidlaust uttrykk og lang levetid. Det gamle panelet vart ikkje kasta, men nytta til å kle veggen som vender inn mot stua. Døra som me satt inn, fikk me laga av lokal møbelsnekker. Resultatet var at me fikk den løysinga og det utsjåande me ønskja oss. Heilt utan å kaste noko.

 

Eit anna døme er kjøkkenet. Kjøkkenet var relativt nytt, men ikkje optimalt utforma til mitt bruk. Det var og eit «trend kjøkken» i sort utforming. Me ønskja eit utsjåande som er meir tidlaust. Løysinga var å bygge om kjøkkenet. Me har fått laga nye frontar til deler av kjøkkenet i heiltre av lokalmøbelsnekkar, og fjerna ein del skåpstammer. Dessutan har me kledd kjøkkenøya med flis, som ser bra ut, tåler stor bruksslittasje og har lang levetid. Frontane og skåpstammene som me fjerna frå kjøkkenet har me nytta til å lage innreiing i eit kleskott. Resultat var at me fekk det kjøkkenet me ønskja oss og innreiing i kleskotttet utan å kaste noko.

Det finst ein rekke andre døme på berekraftige val i prosjektet. Gamle vindauge og dører har vorte reparert, slitne veggpanel og tak har vorte fiksa og måla. Gamle golv har me berre akseptert er gamle og slitne. På det eine badet måtte me byte ut toalettet. Då valte me eit nytt toalett laga av trekompositt. Toalettet ser bra ut, har lang levetid og produksjonen av det er mindre miljøbelastande enn eit toalett av porselen.

Når det gjeld møblar, innreiing og lamper har me så langt som det er mogleg kjøpt brukt. Brukte møblar av god kvalitet som trekkast om og reparerast har lengre levetid enn nye møblar av lågare kvalitet. Nye møblar og innreiing som senger, skrivebord og benker har me fått laga i heiltre av lokal møbelsnekkar. Handlaga kvalitets møblar av heiltre har lang levetid, og vert det sår eller merker så kan dei fiksest.

I dette prosjektet har leilegheita fått ein total «makeover» med langt lågare miljøbelastning enn om me skulle ha gjennomført det same på «ordinært» vis. Alt er gjennomført med høg kvalitet og har eit tidlaust uttrykk. Dette gjer at leilegheita vil opplevast like ny og moderne om 10 år og 20 år, som det han gjer i dag. Dessutan har me valt produkt, installasjoner og møblar i leilegheiten som reparerast eller resirkulerast om noko går i stykker.  

Det er sjølvsagt krevjande å pusse opp og innreie ein leilegheit på dette viset. Eg hadde aldri klart å kome på alle dei gode og lekre løysingane sjølv, og eg hadde aldri klart å planlegge så berekraftig som det har vore gjort. Interiørdesignar Belinda har planlagt alt ned til minste detalj og alle dei dyktige handverkarane har sørga for at det har vorte ein realitet.