Bærekraftig forvandling # 9

No har me flytta inn i leilegheiten. Alt er rektig nok ikkje heilt ferdig, men det som står att er ting me kan løyse mens me bur der. Når ein flyttar inn i ei leilegheit er det mykja som skal på plass av møblar og utstyr, og ein oppdagar fort kva ein manglar. På kjøkkenet er det relativt dårleg stelt med gryter, dekketøy og anna utstyr. Dessutan er steikepanna mi så sliten at ho er mogen for utskifting.

I dag skal eg på Jernia for å handle inn det eg treng, og eg skal levere inn den gamle steikepanna til resirkulering. Jernia har nemleg ein rekke ordningar som er gode tiltak for eit meir berekraftig forbruk. Ikkje berre kan ein levere gamle steikepanner og gryter til resirkulering. Men ein kan og leige utstyr, og levere inn gamle brannsløkkingsapparat og kjøpe eit ombrukt tilbake.  

Når det gjeld kjøkkenutstyr så har eg ein enkel filosofi. Eg kjøper berre det eg bruker ofte, og eg kjøper ting med god kvalitet og lang levetid. Av erfaring veit eg at det er fort gjort å fylle opp skuffar og skap med kjøkkenutstyr og kjøkkenelektrisk ein eigentleg ikkje treng. Det finst ørten ulike typar kjøkkenknivar, men kor ofte  brukar ein eigentleg filetkniv, fiskebeinskuttar eller urtekniv? Sjølv klarer eg meg godt med ein god kokkekniv og ein brødkniv.

 

Det same gjeld steikepanner og gryter. Eg klarar meg heilt fint på kjøkkenet med ei god steikepanne og tre gode gryter. Legg ein litt ekstra pengar i det, så får ein kvalitet som varer og rekker. Den ekstra utgifta er spart inn i løpet av kort tid, om ein samanliknar med ustyr med lågare kvalitet og kortare levetid. Bra for miljøet og bra for lommeboka.

Ellen er butikksjef i Jernia butikken og har mykje kunnskap om kjøkkenutstyr. Når ein leverer inn ei gamal steikepanna eller gryte til resirkulering, så gjev ho 20 % i rabatt på ei ny.  Ho fortel meg om Varde serien, som er Jernias eiga serie med gryter og steikepanner. Produkta held høg kvalitet, og er laga av 90 % resirkulert stål og er 100 % resirkulerbart. Eg tykkjer det fint at dei tenkjer sirkulært og at dei gjev kundane rabatt når dei resirkulerer. 

Saman med Ellen finn eg det kjøkkenutstyret eg treng, og eg får eit ombrukt brannsløkkingsapparat. Eit brannsløkkingsapparat vert utdatert etter ei stund og må service for å oppdatere. Mange tenker nok ikkje på det i det heile, eller kastar det gamle og kjøper nytt. Ordninga Jernia har saman med Miljø Norge gjør at ein kan lever inn det gamle og kjøpe eit brannsløkkingsapparat som nokon andre har levert inn. Apparatet har fått service, er kontrollert og godt som nytt. Ei god løysing for sikkerheita i hus og heim, og ikkje minst for miljøet.