Berekraft og likevekt

Etter nokre dagar i Valle i Setesdal er eg tilbake i Posebyen att. Heime på garden låg det djup snø på jordene, mens her nede langs kysten er det barmark og vår i lufta. Det er kontrastfylt, men eg trivst godt båe plassar.
I heile januar nytta eg alt eg hadde av fritid til å pusse opp i den gamle leilegheiten. Det var ein stor jobb som vart unnagjort på kort tid. Innimellom vart eg litt stressa, men interiørdesignar Belinda og dyktige og omgjengelege handverkarar gjorde det likevel til ei god oppleving. Og eg er utruleg godt nøgd med resultatet. Dei siste vekene har me budd oss inn i leilegheita, og eg merkar at eg kjenner meg heime der. Ikkje på same viset som på garden i Valle, men eg kjenner at leilegheiten har vorte min.

Eg har berre ein ettermiddag og kveld i leilegheiten, før eg i morgon reiser vidare til eit møte i Stavanger. Tida skal eg nytte til å pusle med småting som enno heng att frå oppussinga, men og til å slappe av. Blåstoga har vorte ein stad der eg merkar at pulsen senkar seg mange hakk. Det er merkeleg korleis farger og interiør kan påverke kva ein følar og korleis ein har det.

Kjøkkenet har vorte akkurat som eg drøymde om. Praktisk utforma til mitt bruk, men og ein stad med mykje sjel og identitet. Kjøkkenet ligg i eit stort allrom. Der har me og plass til spisetoge og sofakrok. Takhøgda er raus og dei gamle takbjelkane vitnar om eit bygg med mykje historie. Den eldste delen skal vere frå 1720, og eg er nyfiken på byggets historie. Så langt veit eg berre litt, men eg har bestemt meg for å finne ut meir.

Når me skulle pusse opp baderoma i leiligheiten møtte me utfordringar som gjorde at me måtte gå kraftigare til verks enn planlagt. Me måtte legge ny membran og nye fliser heile vegen. Sjølv om det der og då var ein strek i rekninga, så er det godt å vite at alt er som det skal vere. Dessutan vart resultatet utruleg flott.

Alt byggearbeidet innomhus er ferdig, men utomhus har me ennå ikkje byrja. Om nokre veker set me i gong. Då skal terrassen forvandlast til ein oase med etelege planter. Eg har nettopp fått dei nye bøkene til den sprudlande gartnaren Morten Bragdø. I kveld skal eg bla i dei og søkje inspirasjon.