Bærekraftig forvandling # 4

Betalt samarbeid med kommersielle aktører

Oppussinga av leilegheita går stadig framover og me har kontroll på val farger, fliser, panel og måltilpassa inventar. Men likevel er det mykje som gjenstår. Det er ei stor leilegheit som skal møblerast, og det eg har frå før av møbler og lamper er ikkje nok. Målet er at både oppussinga og møbleringa skal foregå så bærekraftig som mogleg. Me kastar ikkje noko og kjøper så mykje som mogleg brukt.

Eg var så heldig å finne Ugo, draumesofaen min, på finn.no den er heilt fantastisk flott. Der fann eg og to flotte Boy puffer og den klassiske lenestolene Siesta. Sjølv om dei er slitt og treng nye trekk, så veit eg at det er verdt investeringa. Møblene frå Hjelle er tidlause og har ein kvalitet som varer. Og vert noko slitt og må bytast ut, så er det reservedelar å få kjøpt. Det er god bærekraft. 

 

Å trekke om møblane vågar eg meg ikkje på sjølv. Heldigvis er det folk som kan slikt. Elisabeth i Møbelverkstedet i Kristiansand kan alt som er verdt å vite om gamle møbler og korleis ein skal få sett dei i stand. Eg stikk innom for å sjå at møblane har kome og alt er i rute. Elisabeth har full kontroll og fortel meg at alt skal vere klart til leilegheita er ferdig. 

 

Men me treng ikkje berre møbler, me treng og lamper. Eg har allereie kjøpt nokre lamper på finn.no, men manglar fortsatt lamper til stogene. Saman med interiørarkitekt Belinda skal eg på skattejakt på eit bruktmarked. Belinda anbefaler at me reiser til Retro Happy på Mjåvann, noko utanfor Kristiansand. Det var ei god anbefaling.

 

Retro Happy må vere Kristiansands kulaste butikk. Det er utruleg mykje flott der, og mykje av det minnast eg att frå barndomen. Etter ei skattejakt i butikken og ein tur bak på lageret finn eg de eg treng. Tre lamper som skal henge saman i taket i stoga, og ei Ikea lampe frå 70-talet som passar perfekt til soveromet mitt. Ein vert glad av å handle i denne type butikkar, med unike gjenstander og tilsette som er engasjerte. Dessutan følast det godt og kjøpe brukt. Det vert spanande å sjå korleis alt vert når det er ferdig.