Bærekraftig forvandling # 5

Betalt samarbeid med kommersielle aktører

Sjølv om det er mykje arbeid som står att, begynner eg å få eit inntrykk av korleis leilegheita vert når ho er ferdig. I gongen har snekkarane Helgi og Frank frå Launes Entreprenør bygd bod under trappa. Veggane er kledd med termobehandla ospepanel frå Løkkan Tre, og resultatet vart om mogleg enda betre enn hadde drøymt om. Panelet er så vakkert at ein vert freista til å både kjenne på det og klemme på det.

Saman med interiørdesignar Belinda og møbelsnekkar Elisabeth er eg på synfaring for å planlegge og take mål av interiøret Elisabeth skal bygge. Me skal ha ein benk innbygd i bodveggen i gangen, og Elisabeth har komme over ei grovskoren planke i bjørk som ho vil lage sete av. Oppå plata skal det vere ei pute. Me vert einige om å nytte skinnputa frå Siesta stolen eg kjøpte brukt. Eg har tinga ny pute til stolen frå LK Hjella. Den gamle puta er noko slitt, men delar av den kan nyttast til benken. Dette tykte Belinda var ein god ide og me er supernøgde med å kunne bruke det me allereie har. For å passe må puta syast om, og veit akkurat kven som kan hjelpe meg med det. I Skippergata helde Ingeborgs Tråkleri til, og dei har sauma om mykje for meg før.    

Soverommet mitt er ganske lite og det er skråtak over store delar av rommet. Det gjer det noko krevjande å innreie. Ein vanleg seng vert for høg til å utnytte heile golvarealet, men Belinda har funne ei løysing. Ho vil bygge ein «binge» frå vegg til vegg i den eine del av rommet. Elisabeth tek mål og me vert einige om at ho skal bygge senga i heiltre bjørk.

I den eine enden av senga skal veggen kledast med 45 cm breie panel med stoff. Me har fenge stoffprøver hjå Møbelverkstedet, og me sjekkar at stoffet me valte passar til fargen på veggen. Det passar perfekt! Eg er imponert av korleis Belinda klarar å tenkje ut kva som passar saman med kva, utan at ho kan sjå det fysisk.

Christopher frå Tversland Flis og Mur jobbar som ei helt for å gjere bada ferdige. Han er kjapp, positiv og utruleg dyktig. Alt som kjem av utfordringar handterer han på ein galant måte. Han er allereie ferdig med å legge flis på golva. No legg han dei vakre flisene frå Bricmate på veggane.   

 

På veggen over baderomsinnredninga skal me ha en spegle som ligg innfelt i flisene. Planen min var å ein spegle som er 80 cm brei, men Belinda ønskjer å måle for å sjekke at ljospunktet på vegen kjem på midten av speglet. Det hadde eg ikkje tenkt på, og det syner seg nok en gang at Belinda reddar meg på detaljane. Christopher måler opp, og for å få lyspunktet på midten må speglen krympast til 60 cm.

Etter alt er gjennomgått og kontrollert, reiser eg saman med Elisabeth opp til møbelverkstaden hennar. Og det er litt av ei verkstad ho har. I den kule verkstaden står til og med kulissene som vart nytt under oppføringa av operaen Don Giovanniog i Kilden konserthus.

 

Elisabeth synar med skrivebordet ho held på å lage og dei lange benkane som skal under vindaugsglasa i den eine stua. Det ho lager er berre lekkert, og mykje finere enn eg hadde våga å håpe på.

 

Det er eit fantastisk team eg har fått jobbe saman med dei siste vekene. Alle er positive, løysningorienterte og utruleg dyktige. Å, som eg gler meg til å sjå leilegheita ferdig!