Det gode surdeigsbrødet frå det merkelege bakeriet

Eg har alltid baka med surdeigsbrød, og har faktisk ei surdeigskultur som er 150 år gamal. Etter at eg smaka brødet frå The ODD Bakery i Kristiansand fann eg likevel ut at eg hadde mykje å lære. Brødet er noko av det beste eg har smaka. Det merkelege bakeriet i Sørlandets hovudstad er eit reint surdeigsbakeri, og […]

Haustens store glede

Ein herleg sumar er på hell, og no nærmar hausten seg på høgfjellet. Det er fyrste helga med reinsdyrjakt, og fargespelet i naturen har så smått begynt å endre seg. Det grøne har fått eit hint av gult, men sumarveret held fortsatt på. Himmelen er gnistrande blå, og gradestokken syner over 20 varmegrader. Det er noko i varmaste laget for reinsdyrjakt. Heldigvis er vinden god, så eg er med godt mot.

Naturen er gåvmild

Etter fleire veker med strålande sumarver trommar regnet mot vindauga heime i Valle. Det som veks og gror får etterlengta vete, og eg kan nytte tida til huslege aktivtetar. Dei siste vekene har det ikkje vore så mykje av det her på garden.

Plukk og sylt

Me har lange og gode tradisjonar for å sylte bær, frukt og grønsaker her i landet. For mange av oss har nok sylting eit visst nostalgisk preg. Ein hugsar kanskje tilbake til då bestemor eller mor trylla sesongens bær om til det beste syltetøyet i verda. Slik er det i alle fall for meg. Når eg blundar og lèt tankane vandre, er det mest som om luktene og smakane kjem att.

Hipp, hipp hurra!

Kom mai du skjønne milde, heiter det i songen. Og no er han endeleg her. Den herlege månaden då naturen vaknar til liv frå vinterdvala. Trea vert lauvklede og grøne, dei fyrste blomane blømer, lufta vert mildare og kvelden ljosare. Ein kjenner det kanskje sjølv med at ein vert fylt med meir energi og tiltakslyst.

Skogen luktar av ramslauk

Ramslauk er ein ettertrakta plante, og det er ikkje så rart. Den kan erstatte både kvitlauk og purre i maten, og er svært anvendeleg. Smaken er noko mildare enn kvitlauken og den vert difor godt teke imot av dei fleste ganar. Ramslauken er ein viltvoksende matplante som har vorte nytta i kosthaldet i århundrer.

Min «perfekte» påske

Påske er sol, snødekte vidder og hyttetur med familien på Setesdal Vesthei. Det er minnene frå dei perfekte påskeferiene på støylen som sit hjernebarken, og det er dei som fyllar meg med lengsel og drøymar gjennom den kalde og mørke vinteren. Eg såg verkeleg fram til ein superpåske då eg reiste frå kysten og heim til Valle i Setesdal. Vervarslet var lovande og heile familien skulle samlast. Men det vart ikkje heilt som planlagt.

Påska og dei gode smakane

Naturen har vakna til liv i solvarmen og dei fyrste blomane har alt sprutte opp. Eg unner meg ein pause og reiser ut på svaberga. Der får eg ein fornemmelse av sumar. Det kribler i magen og eg kjenner energien breie seg ut i kroppen. Ikkje bare fordi eg gler meg til sumaren. Men fordi påska er rett rundt hjørnet og da skal eg heim til garden og familien min i Valle. Der vert det kvite vidder, hyttepåske og mykje god mat.

Kva gjer deg glad?

Det var slik det byrja. Eit banalt og enkelt spørsmål, som eg likevel måtte grunne noko over før eg fann svaret på. Lat meg spole tilbake. For ein stund sidan kom eg til det punktet i livet der det gjeng opp for ein sjølv at livet ikkje varar evig, og at dei dagane ein har til rådigheit fyrst og fremst er kvardagar. Nokon kallar det å verte vaksen.

Meny til kjærleiksdagen

Den 14. februar er verkeleg ein dag å sjå fram til. Det vert mangt å feire. Ja, noko for ein kvar skulle ein tru. Ikkje berre er det fastelavn, men det er og både morsdag og valentinsdag. Sistnemnde er eit relativt nytt fenomen her i landet, men valentinsdagen har ein lang historie i dei engelsk- og fransktalande kulturane.