Dei gode epla

I Setesdal heiter poteter eple, og dei epla som veks på tre kallar me søteple. Eplet har vore både elska og utskjelt i si lange historie som menneskeføde. I tidlegare tider vart det omtala som «djevelens frukt», og av somme vert det nærast sett på som ein helsetrussel i våre dagar.

Det første kan eg vanskeleg meine noko om, men det siste er sjølvsagt berre tull. Rektig nok inneheld eplet om lag 15 prosent karbohydrat, men det inneheld òg viktige næringsstoff som protein, kostfiber og vitamin. Skal ein først redusere karbohydratmengda i kosthaldet, så finst det mykje verre karbohydratbomber enn eple som ein kan kutte ned på.

For meg er eplet den viktigaste grønsaka. Den er relativt lett å dyrke fram, kan lagrast lenge, er næringsrik og har eit stort bruksområde i matlaginga. Det har ein nøytral og behageleg smak, som gjer at den passer i kombinasjon med dei aller fleste råvarer og smakar. Den kan kokast, steikast, bakast, stuast og nyttast i graut, bakverk, supper, gryterettar, salatar, omelettar og eigentleg det meste anna ein kan kome på.

 

Me set epla i midten av mai kvart år. I juni og juli hyppar me epleåkeren eit par gonger og fjernar ugras. Ein må legge inn noko innsats for å få eit godt resultat, og no i slutten av juli er tida komen for å nyte godt av innsatsen. Åkeren full av nyeple – ei fantastisk råvare. Skalet er så tynt og fint at ein ikkje treng å skrelle dei. Nyeple smakar utruleg godt og er ein velsmakande rett i seg sjølv når dei er kokte og vert servert med ein klatt smør til.

Eg tykkjer òg det er godt å lage nyeple med urter. Fyrst koker eg epla, og så vender eg dei i panna i nokre minutt saman med gode friske urter, olivenolje, smør og litt salt. Fantastisk godt aleine eller servert inntil laks, kylling eller svinekjøt.

Det eg likar aller best å lage med nyeple er likevel eplegraut. Så lenge eg kan minnast har me laga eplegraut her på garden så snart dei første nyepla er hausta. Det er ein tradisjon eg har tatt med meg inn i vaksenlivet og som eg har ført vidare til eigne born. Eplegraut er fantastisk godt og det er enkelt å lage. Aller best vert det med eple som plent hev vore tatt opp av jorda, men ein kan sjølvsagt òg lage det med eple frå butikken. Eg anbefaler deg å prøve. Oppskrifta finn du her:

Eplegraut

Du trenger:

  • 1,2 kg poteter
  • 2 ts salt
  • 100 g byggmel eller fint hvetemel

Slik gjør du:

Skrell potetene og kok dem godt. Hell av vannet og stamp dem i en varm gryte.

Tilsett salt og stamp det godt inn i grøten. Ha i litt og litt mel av gangen, mens du stamper.

La grøten koke 5–10 minutter, mens du fortsetter å stampe. Når grøten er blitt fast, seig og uten klumper så er den ferdig.

Serveres med smør, sprøstekt baoon og eventuelt sukker. Kald melk passer godt å drikke til.