Den gode olja

ANNONSE

Dei siste åra har eg vorte meir og meir fokusert på å nytte norske råvarer og matvarer. Men det er ikkje til å kome vekk frå at det er ein del produkt frå det store utland som hev vorte godt integrert i min smaksverden. Nokon av dei kan eg rett og slett ikkje sjå føre meg eit liv utan. Heilt på toppen av den lista tronar olivenolje i suveren majestet. No har dei to driftige søstrene Susanne og Iselin i familieverksemda Lauritz i Ålesund, utvikla eit spanande produkt som foreinar den smakfulle olja frå olivenlundane med den sunne Omega-3 olja frå havet.

Namnet Lauritz kjem frå bestefaren deira. Det var han som sette det heile i gong. Gjennom tre generasjonar har familien Gjendemsjø jobba for ein berekraftig utnytting av fiskeressursane frå havet. På fiskebåtane vert filetane skore ut av torsken, medan resten av fisken nyttast til å lage råolje og fiskemel. Så fort fiskebåtane kjem til land vert fisken frakta direkte til familiens verksemd på Terøy ved Ålesund. Der vert omega-3 olja raffinert, og 100 % av fisken vert utnytta.

Du kan lese meir om Lauritz olivenolje med Omega-3 her!

Susanne og Iselin har tatt familieverksemda eit steg vidare. Den nye generasjonen har latt tradisjon møte innovasjon. Resultat er eit sertifisert berekraftig produkt av økologisk olivenolje tilsett 40 % Omega-3 olje. Då eg fekk høyre om produktet vart eg fascinert av historia bak, og helseføredelane ved å kombinere olivenolje og Omega-3 tiltala meg. Men eg må innrømme at eg samstundes vart noko skeptisk til korleis det ville smake.

Men eg ville gje det ein sjanse, og etter nokre dagar fekk eg fire flotte flasker i posten. Lauritz olivenolje med Omega-3 kjem nemleg i fleire variantar; naturell og smakssett med kvitlauk, basilikum eller sitron. Det fyrste eg gjorde var å smake ei skei av kvar variant, og mine fordomar vart gjort ettertrykkeleg til skamme. Den naturelle olja smakar som ein vanleg og god olivenolje med litt mild pepar i ettersmaken. Dei smakssette oljane smakar naturleg og godt av dei tilsette aromatane.

Etter den fyrste smaksprøva testa eg oljene i ulike rettar. Eg laga ein spicy oljedressing av oljen som er naturell, og ein aïoli av oljen som er smaksett med sitron. Det smakte supergodt. Sjølv om det står på flaska at oljen bare er til kalde rettar, så klarte eg ikkje å la vere å forsøke han i varme retter. Eg forsøkte olja som er smaksett med basilikum som topping til ei heimelaga tomatsuppe, og eg hadde kvitlauks olje i ein fletteloff eg baka. Det fungera heilt utmerka og smaka godt, men ein kan ikkje steike i olja. Han er uansett for kostbar og eksklusiv til det.

Så vart det familien min sin tur til å smake. Kvar laurdag plar me samlast til sein frukost eller tidleg lunsj før alle fyk kvar til sitt, og i dag fekk dei ei sunn og smakfull meny med crispy rekesalat med spicy oljedressing til forrett og heimelaga tomatsuppe med kokte egg, basilikum og parmesan til hovudrett. Inntil hadde me nysteikt kvitlauksfletteloff og aïoli. Eg var sjølvsagt spent på om dei lika maten, og ikkje minst om dei lika oljene. Heldigvis synte det seg at maten  fall i smak. Både maten og oljene hausta lovord frå vande tennåringsganar. Eg hadde med vilje ikkje nemnt at olja er tilsett omega-3, og sonen min som er veldig glad i olivenolje nærast flauma tomatsuppa med olja som er smaksett med basilikum. Han tykkte den var supergod!

Etter eit vellukka og triveleg måltid kan eg hevde at Lauritz produkta nærast er geniale. Omega-3 er grunnleggjande viktig for kroppen vår, og det er ei kjennsgjerning at me generelt ikkje et nok fisk og at mange syt med å ta tran. Ved å nytte Lauritz oljene i og til maten, får ein dekka omega-3 behovet på ein enkel og smakfull måte. Lauritz oljene kan blandast inn i rettar som den oppveksande generasjon liker og et i det daglege. Kva med å prøve han til fredagstacoen eller laurdagsspizzaen?

Ynskjer du meir informasjon eller å kjøpe dei gode oljene frå Lauriz Ålesund? Da kan du vitje heimeisida deira her.

Her finn du oppskrift på dei gode rettane eg laga: