Det gode surdeigsbrødet frå det merkelege bakeriet

Eg har alltid baka med surdeigsbrød, og har faktisk ei surdeigskultur som er 150 år gamal. Etter at eg smaka brødet frå The ODD Bakery i Kristiansand fann eg likevel ut at eg hadde mykje å lære. Brødet er noko av det beste eg har smaka. Det merkelege bakeriet i Sørlandets hovudstad er eit reint surdeigsbakeri, og i tillegg til dei smakfulle brøda har dei eit stort utval av herlege søte freistingar.

Eg vart sjølvsagt nyfiken på kva dei gjer for å få eit så fantastisk godt resultat og drista meg til spørje dei dyktige bakarane Ørjan Toreid Eriksen og Kevin Macleod, om eg kunne vere med dei i bakeriet ein dag for å lære hemmelegheita. Det fekk eg lov til og dagen etter troppa eg opp i bakeriet. Eg var læreviljug og hadde alle sansar skrudde på då eg fekk vere med Ørjan å bake vørterbrød og landbrød. Ørjan var ein hyggeleg og dyktig læremeistar og var ikkje redd for å dele verken oppskrifter eller triksa som løftar surdeigsbaksten til nye høgder.

Dei gode bakarane hjå The ODD Bakery heva deigen mykje lengre enn eg er vant med. Først lot dei deigen heve i 4-6 timar i romtemperatur og så i eitt til to døgn i kjøla. Nokre timar før steiking tok dei deign ut att og lot den stå i romtemperatur fram til dei baka brødet ut. God heving er viktig for eit optimalt resultat. 

Salt er ein viktig ingrediens i brød og ikkje berre for smakens skyld. Det gjer at brødet held betre på fuktigheit og ikkje vert så fort tørt. Ein må ikkje tilsette saltet i deigen med ein gong, då dette hemmar heveprosessen. Deigen skal først heve ein times tid i romtemperatur før saltet vert elta inn. 

Før ein sett deigen må ein take startkulturen ut av kjøleskapet, ha i litt vatn og mjøl og la den stå nokre timar. Då hevar surdeigen betre. 

 

Etter ein triveleg dag i bakeriet og mykje lærdom frå bakarane, reiste eg rett heim for å sette ein deig. Dagen etter baka eg brøda ut og steika dei. Utruleg nok vart dei nesten like gode som dei frå Odd Bakery. Men berre nesten. Eg var ikkje heilt i mål. Brøda sprakk ukontrollert under steiking og eg tok kontakt med Ørjan for å få råd.

Ørjan gav meg tips om å legge inn ein isbit i omnen saman med brøda. Då får dei tilført noko fuktigheit. Eg prøvde på nytt og då vart det nesten perfekt. Men eg må nok bake endå meir. For det er ein ting å lære, og ein anna ting å få lærdommen frå hovudet og ut i kroppen. Då må ein prøve og feile, og litt etter litt vert ein betre. Det er ein herleg læringsprosess og no har eg verkeleg fått dilla på surdeigsbakst. Eg nyttar surdeig både til pizzabotnar, søt bakst og brød. Om du ikkje har forsøka deg på surdeigsbakst sjølv, så synast eg du skal prøve. Det er både godt og fantastisk moro!

Oppskrifta på landbrødet fra The ODD Bakery finn du her.