Eg gler meg

Eg har nett vitja Holmedal. Den vesle bygda ligg langt utanfor allfarveg langs Dalsfjorden i Askvoll kommune. I det seinaste har eg vore ein hyppig gjest. Ikkje berre fordi det er triveleg å vitje mine nye vener hjå Helle fabrikker, men og fordi me har starta opp med eit spanande samarbeid.

Snart framme i Holmedal. Etter ein regntung morgon klarnar det opp, og eg måtte stoppe bilen og nyte det flotte landskapet. Foto: Frode Verpe

Mitt kjennskap til knivene frå Helle fabrikker strekk seg langt tilbake i tid. Kvar bursdag i oppveksten var det minst ein Helle kniv i gåvehaugen. Eg tenkte nok ikkje på at det var kniver frå Helle då, og skjøna det eigentleg først da eg så utstillinga med alle dei ulike knivmodellane dei har laga opp gjennom tidene.

Det er godt å kome til Holmedal og møte gode samarbeidspartnarar. Her med Jan Steffen og Svein-Erik Helle. Foto. Frode Verpe

Om ein tenkjar seg om, vil ein sjå at ein nyttar knivar ofte. Kvar dag, og ofte fleire gonger til dagen. Ein nyttar dei til matlaging, til handtverk, til friluftsliv, til jakt og mykje meir. Kniven er ein universalreiskap me ikkje kan klare oss utan. Eg veit i alle fall at eg ikkje kan klare meg utan, om det nå er i kjøkkenet eller på heia.

Eit godt grep på kniven er alfa omega. Foto. Frode Verpe

Det er kanskje difor eg har vorte så opphengt i gode knivar? Eg vil ha knivar som er funksjonelle, har god kvalitet og lang levetid. Eg drøymer om den perfekte kniven og det er mykje som skal klaffe for å det til, men saman med dei dyktige folka hjå Helle skal me prøve.

Foto: Frode Verpe

Det er mykje arbeid framom oss. Me har eigentleg nett starta, men eg har trua på at me skal lukkast i lag. Eg kjenner nemleg at dette er eit godt samarbeid. Det er ein likskap i kultur, bakgrunn og tenkjesett som knyt oss saman, og gjer at kvart steg me går vert lettare.

Helle fabrikker er ein familieverksemd som er tufta på respekt for tradisjonar og ein innovativ drivkraft. Kunnskap vert overført frå ein generasjon til den neste, som foredler den og gjer den relevant for framtida. På denne måten vert gamalt handtverk til moderne løysingar.

Omvisning på Helle fabrikker. Foto: Frode Verpe
Ein vert glad når ein lukkast med noko Foto: Frode Verpe
Me diskuterer bladstålet på kniven. Foto: Frode Verpe
Foto: Frode Verpe

Eg kjenner meg att i dette tankesettet, og eg kjenner meg at i Svein-Erik som er dagleg leiar. Likeins som meg flutte han ut i verda som ungdom for å gå på skule, og likeins som meg flutte han tilbake til bygda si for å føre familieverksemda vidare.

Foto: Frode Verpe

Foto: Frode Verpe

Ein kan ikkje unngå å verte imponert over verksemda og dei dyktige fagfolka som arbeider der. Motstraums har dei halde fast ved å handlage kvar einaste kniv dei sel, og motstraums driv dei produksjonen i ei lita bygd i Noreg. Eg er stolt over å få take del i å utvikle nye kvalitetsknivar i lag med dei gode folka hjå Helle.