Eg slår eit slag for nypa!

Skog og hei bognar av næringsrike freistingar gjennom sumaren og hausten, og ein får ein ekstra motivasjon til å kome seg ut på tur. Men om ein bur i byen kan det krevje både tid, reise og planleggjing for å kunne nyte godt av sunne og velsmakande delikatesser som blåbær, molter og tytebær. Slik er det ikkje med nypa.

Ein finn nypebuskar i friområde tett på dei fleste byane, og i smak og bruksmangfald står ikkje nypa noko tilbake for dei meir vanskeleg tilgjengelege skogs- eller fjellbæra. Dessutan er den proppfull av C-vitaminer og gode antioksidantar.

Sist sundag gjekk eg tur frå leiligheita mi i byen i det flotte haustværet. Langs turvegen ved sjøen fann eg den eine nypebusken etter den andre som var smekkfulle av nyper. Eg hadde eigentleg ikkje planlagt å plukke nyper, men kunne ikkje dy meg.

Haustsola varma godt denne ettermiddagen og å plukke nypene gjekk som ein draum. På bare nokre minutter hadde eg plukka om lag ein halv kilo. Då kom eg plutselig på at det må være minst 20 år sidan eg smakte nypesuppe og at eg faktisk aldri har laga det sjølv. Eg har laga nypemarmelade, nypegele og nypete, men aldri suppe.

I barndommen fekk eg ofte nypesuppe. Eg hugsar eg tykkte det var fantastisk godt, og no fann eg ut at eg ville prøve meg på å lage min eigen variant.

Det er spanande å forsøke seg på mat ein ikke har laga før, men likevel har ein klar oppfatning av korleis skal smake.

Etter litt prøving og feiling på kjøkkenet kom eg fram til et resultat eg vart nøgd med. Oppskrifta finn du her.

Eg ynskjer å slå eit slag for nypa. Den er næringsrik og god, og finnes i store mengder og er lett tilgjengelig for dei aller fleste.

Du kan heilt sikkert finne dei raude fruktene i nærleiken av der du bur, så finn frem spann og ta turen ut i det fri!