Ein kjem langt med ein god kniv

Det byrjar nærme seg eit år sidan sist eg reiste med fly. Koronasmitta sat lenge ein stoppar for alle planar som krev lange reiser. Men no er det lov att, strenge smittetiltak på flyplassen og i flyet gjer at ein kan kjenne seg trygg for det lumske viruset.

Fine forhold, lite turbulens og fantastisk natur å sjå frå flyvindauga. Foto: Margit Dale

Noreg er eit langstrakt og vakkert land, og eg vert stadig kjend med nye stader med vakker natur, god mat, spanande opplevingar og trivelege menneske. Reisa denne gong gjekk til ein stad eg ikkje har vore før; Holmedal i Askvoll kommune i Sunnfjord.

Flyet landa på Førde flyplass og turen gjekk vidare med bil til den vesle bygda Holmedal. Der skulle eg vitje den tradisjonsrike handverksbedrifta Helle Fabrikker.

Svein-Erik Helle er leiar for den tradisjonsrike familieverksemda Helle Fabrikker. Foto: Frode Verpe

Helle Fabrikker har produsert kvalitetsknivar og bestikk for ein internasjonal marknad sidan 1932. I dag er det Svein-Erik Helle som er leiar for familieverksemda, likeins som hans far og bestefar var før han. Svein-Erik tok meg godt imot, og eg vart glad då han inviterte til ein topptur, før eg skulle få meir innsikt i kniveventyret i Holmedal. Det gjer godt å bevege seg litt etter ein lang reise.

Her ser du øya Alden frå båten. Foto: Frode Verpe

Målet for turen var øya Alden, og nærare bestemt det høgste punktet på øya som vert kalla Instenova. For å kome til Alden måtte me reise med båt frå bygda Askvoll. Båtturen tok ca. 20 minutt, og eg var veldig glad for at havet var fredleg og reisa komfortabel.

Den høgste toppen på Alden heiter Instenova og ligg 480 meter over havet. Foto: Frode Verpe
Det er ei nydeleg utsikt frå det høgste punktet på Alden, men det er og veldig langt ned frå toppen. Foto: Frode Verpe
480 stupbratte meter rett ned i havet fikk det til å svimle for meg. Foto: Frode Verpe
Eg klarte å krype ut for få eit lite gløtt over kanten, men alle instinkt stritta imot då eg forsøkte reise meg opp. Foto: Frode Verpe

Turen opp til toppunktet Instenova som ligg 480 meter over havet, var bratt og relativt tung. Men når ein kjem til topps er det definitivt verdt slitet. Fra toppen er det nydeleg utsikt i alle himmelretningar. Fjellet går stupbratt ned i havet. Då eg våga meg ut mot kanten merka eg høgdesuget i magen. Eg måtte leggje meg ned og krype ut til kanten. Der kunne eg konstantere at 480 meter er høgt. Veldig høgt.

Sjefen sjølv, Svein-Erik Helle, tok meg med på omvisning i den tradisjonsrike verksemda. Foto: Frode Verpe
Kvar einaste kniv er laga for hand. Ein Hellekniv er ikkje lik ein anna, men unikt forma av dei menneska som lagar den. Foto: Frode Verpe

Etter den flotte turen reiste me tilbake til Helle Fabrikker og det som eigentleg var formålet med turen. Svein-Erik tok meg med på omvisning i den tradisjonsrike verksemda. Han fortalte at dei fleste kniv- og bestikkprodusentar i dag har automatisert produksjonen, men hjå Helle har dei heldt fast med den gamle produksjonsmetoden der hand og maskin jobbar saman for å få eit best og mest unikt resultat. Dei fleste maskinane er 50 år gamle eller eldre, og går noko sund så byter dei ikkje maskinane ut med nye. Dei set dei i stand, slik at dei kan fortsette å produsere som dei alltid har gjort.

Eg kjende meg godt att i tankesettet som ligg til grunn for verksemda. Det er på mange vis som på garden eg kjem frå. Kunnskap og handverk vert overført frå ein generasjon til den neste.

Dei tilsette hjå Helle Fabrikker er stolte over handverket sitt og dei gode produkta dei lagar. Det er ikkje noko å utsette på humøret heller. Foto: Frode Verpe
Det var moro å gå rundt i fabrikken og sjå korleis arbeidet med knivene vert gjort.

Å gå gjennom produksjonen i Helle Fabrikker er som å verte sett tilbake i tid. Fabrikken har ein heilt eigen atmosfære med sine fargar, ljos og luktar. Det er ei unik oppleving å sjå korleis dei arbeider. Dei tilsette sit på kunnskap som er unik, og er tydeleg stolte over handverket sitt og dei fantastiske kvalitetsprodukta dei lagar.

Jan Steffen Helle er produksjonsleiar og fortalde at kvar kniv er innom 58 produksjonsledd før den vert ferdig. Foto: Frode Verpe
Foto: Frode Verpe

Produksjonsleiar Jan Steffen Helle er likeins som Svein-Erik tredje generasjon innanfor sitt virkeområde. Han synte meg korleis produksjonen byrja med tre, horn og stål, og etter 58 ulike produksjonsledd så endte det opp som ferdige knivar. Eg var imponert.

Sunnfjord bestikket ble designa på 1960-talet og produksjonen vart teken opp at i 2019.
Så glad vert ei matglad dame som fekk nytt norskprodusert bestikk. Foto: Frode Verpe

Bestefaren til Svein-Erik, Steinar Helle, designa bestikkserien Sunnfjord i 1966. Etter at bestikket hadde vore ute av produksjon i ein del år, starta dei opp att i fjor. Det synte seg raskt at 60-tals bestikket er meir populært en nokon sinne. Dei klarar ikkje produsere nok til å dekke etterspørselen. Eg kan forstå kvifor, for eg kan med handa på hjarta seie at det er det mest funksjonelle og delikate bestikket eg nokon gong har sett. Det er ekstra gama å vite at det både er designa og produsert for hand i ei lita bygd i Noreg.

Skafta til Helle sine sportskinvar vert handlagde av tre eller reinsdyrhorn. Foto: Frode Verpe

 

Eg vart spesielt interessert i korleis Helle nyttar reinsdyrhorn til å lage knivskaft. Foto: Frode Verpe

 

 

Naturleg felte reinsdyrhorn vert samla inn på fjellet og nytta til å lage knivskaft. Foto: Frode Verpe

Eg kjende meg heime i haugen med reinsdyrhorn. Foto: Frode Verpe

Svein-Erik tok meg med til “snekkerbua” kor dei for hand formgjev og pusser knivskafta til sportsknivane. Skafta vert for det meste laga av tre, men i nokre skaft vert det nytta reinsdyrhorn. For ein ivrig reinsdyrjeger var det gama å sjå at dei nytta naturleg felte reinsdyrhorn som ein ressurs i produksjonen, og kjende eg meg sjølvsagt heime i den store hornhaugen.

Andreas er marknadssjef hjå Helle Fabrikker og han er levande oppteken av kvalitet og design. Foto: Frode Verpe
Andreas fortel om prosessen som ligg bak å utvikle eit knivdesign. Foto: Frode Verpe
Ein god kniv skal ligge godt i handa. Foto: Frode Verpe
Når ein ny kniv skal utviklast startar arbeidet med blyant og papir. Foto: Frode Verpe

Etter ein interessant og inspirerande omvisning i produksjonen satt eg med ned saman med Svein-Erik, og Andreas Haglund som er marknadssjef. Me tala om mogligheiter og framtid, og starten på eit spanande samarbeid.

Det var ei oppleving å verte kjend med Helle Fabrikker. Eg gler meg til forsettelsen.

Foto: Frode Verpe