Ein merkelig sumar!

Ein fin, men merkeleg sumar går mot slutten. Mykje har vore som normalt. Det som gror opp av jorda hev grodd som vanleg, og veret har som alltid gjeve oss både varme sumardagar og frisk sumarkulde. Det er vel eigentleg ikkje sumaren som har vore merkeleg. Det er tida me lev i.

Naturen er gåvmild og i Trond Mois hage er det mykje godt. Biletet er henta frå fotoopptak til den nye boka som kjem til neste år. Foto: Frode Verpe

Eit virus har snudd opp ned på det meste og har avslørt kor sårbare me menneskje og våre velutvikla samfunn er. Spriting av hender, avstand mellom folk og andre smitteførebyggande tiltak pregar kvardagen. Det som før ville ha høyrt ut som ei dyster framtidsskildring er den nye normalen.

Då viruset stengde Noreg opplevde eg som mange andre, at oppdrag og arbeid forsvann over natta. Arrangement og festivalar eg var hyra inn til vart avlyst, og TV-innspelingar og fotoopptak vart utsett. I løpet av sumaren har nye reglar og retningsliner kome på plass, og litt etter litt har aktivitetar og arbeid vorte tatt opp att.

Boka me gav ut tidligare i sumar har møtt eit entusiastisk publikum, og sjølv med alle førehandsreglane som viruset krev har me fått møte dette publikummet. Me har reist rundt til bokhandlarar og på arrangement for å signere bøkar og tale med folk. På Evje møtte det opp fleire hundre menneskje og det vart eit hyggjeleg arrangement eg kjem til å minnast lenge.

Saman med Rune og Trond har eg signert over 1500 bøker i sumar. Foto: Frode Verpe
Fleire hundre menneskje møtte opp på Evje og gjorde dagen til ei minnerik oppleving. Foto: Frode Verpe

Om nokre veker, den 3. og 4. september, er eg på plass som konferansier og foredragshaldar på den nye villmarksfestivalen, Høyt og Vilt, på Eikerapen. Det vert spanande å oppleve den nye villmarksfestivalen og eg ser fram til oppgåva. Nokre dagar før det skal eg lage mat og halde foredrag for pensjonistar og sjukeheimsbebuarar i ei mindre kommune på Sørlandet. Det gler eg meg til!

For ein drøy månad sidan starta me opp arbeidet med mi fyrste eiga kokebok. Den skal innehalde oppskrifter på alle mine favorittrettar. Det vert både tradisjonsmat og mat frå fjerne himmelstrøk. Eg er no inne i ein travel periode med å lage oppskrifter og gjennomføre fotoopptak. Men det vert ikkje bare oppskrifter i den nye boka. Den skal og innehalde ein rekke forteljingar om spanande matopplevingar.

Eg lagar kaker og desserter, og fotograf Erik Ruud foreviger det heile. Foto: Frode Verpe
Ein liten pause i opptaket vert nytta til å fotografere fotografen. Foto: Frode Verpe

Boka skrivast av mannen min, Frode Verpe, som er forfattar og TV-produsent. Han har med anna skrive både Fjellmat- og Kystmatboka tidlegare. Eg har og fått med meg den dyktige fotografen Erik Ruud til å ta bilete, og den kreative designaren Håvar Rysstad til å formgjeve boka. Saman utgjer dei tre eit fantastisk team og eg kjenner meg privilegert som får jobbe saman med så mange dyktige menneske.

Sjølv om opptaksdagane er lange og krevjande, har me det fantastisk gama saman. I samband med opptak til bok og TV får eg oppleve masse som eg elles aldri ville ha fått oppleve, og det er lærerikt og gjevande å få samarbeide med kreative og dyktige fagfolk.

Foto: Frode Verpe

        

        

Eg elsker kaker og desserter. Det gjorde tydelegvis katten i bileteserien over og. I den nye boka skal eg ha eit eige kapitel med herlige kaker og desserter. Alle foto: Frode Verpe
Margit har invitert til sumarfest, og gode vener og familie sit forventningfult og ventar på dessertene, mens fotograf Erik får ein velfortjent pause. Foto: Frode Verpe

Eg har og mange flotte, gode vener som saman med min familie stillar opp og bidreg til at boka blir ein personlig skildring av dei herlege matopplevingane og trivelege sosiale samankomstene som ein sumar byr på. Det vert flotte bilete og spanande oppskrifter.

    

På Bjørgum gard lagar Mona og Ivan verdas beste chilisaus. Fotograf Erik er både høgt og lågt for å få dei beste bileta. Alle foto: Frode Verpe

Eg har med anna vitja mine vener på Bjørgum gard som lagar verdas beste chilisaus og dyrker gode grønsaker, og Rune Andersen tok meg med for å trekkje krabbeteiner. Det vert eit stort spenn i opplevingar og smakar.

         

         

Mine to døtre må sjølvsagt og lære å bake brau og lefser, på same vis som eg fekk lært det av mi mor. No er det min tur til å føre tradisjonane vidare. Dei er ganske så flinke og lærevillige, sjølv om det er ein fotograf som forevigar det heile.

Å bake brau og lefser er ein krevjande kunst, og det tek mange år før ein vert utlært. No er det min tur til å lære vidare til døtrene mine, på same vis som eg lærte av mor mi. Foto: Frode Verpe

 

Foto: Frode Verpe
Foto: Frode Verpe

Heime på garden går livet sin vante gang. Urter og grønsaker kan haustast, og eg både sylter og lager ulike pestoer av grønnsakene. Det bugner av bær i hage og skog, og eg lager fantastisk syltetøy etter gomes (bestemors) gamle oppskrifter.

         

Det er sesong for safting og sylting. I år lagar eg saft og syltetøy både til eige bruk og for fotografering til boka me jobbar med. Alle foto: Frode Verpe

No er dei nye epla (potetene) på sitt aller beste. Eplegraut eller bare kokte nye eple med ein klatt smør er noko av det best eg veit.

          

          

Sauene er på beite på heia enno, men snart kjem dei og heim. Då vert det både slakting og røyking av kjøt. Hausten er ei travel tid, men likevel veldig gjevande og fin.