Ein perfekt sumardag

Kvar årstid har sitt eige andlet og sin eigen identitet. Dei er som dei er, og let seg ikkje endre. Det gjeld å verte ven med alle. Sumaren er lett å like med sin livvekkande varme og fargesterke blomar.

No er han her, og endeleg er det ferie! Endeleg kan eg senke skuldrane. Eg treng ikkje tenkje på alt som skulle vorte gjort, men eg kan bare vere til og nyte dagane som dei kjem. Ei gong var sumaren endelaus. Dagane vart ikkje talte. Men flaut knapt merksamt, som ei doven elv gjennom grødande landskap.

Foto: Erik Ruud

No har sumardagane nummer og ein må nyte dei før dei forsvinn. Min sumarferie er ei reise mellom fjell og kyst, mellom bygd og by. Eg likar kontrastane mellom det landlege og urbane, og sjølv i ein sumarhektisk by med kysten er ikkje dei gode naturopplevingane langt unna.

Eg set meg på sykkelen og kjenner ein svalande vind mot andletet i det eg susar gjennom lauvskogen på veg ned mot sjøen. Sola gnistrar gjennom lauvet, og i lufta heng lukta av juli og formiddagens regn.

Foto: Erik Ruud
Foto: Erik Ruud

Etter nokre hundre meter i tett lauvskog, endrar landskapet karakter og opnar seg. Eg ser havet framfor meg og langs stien blomstrar det av mange hundre slag. Synet av havet og blomar gjev ei oppleving av lykke og glede, men samstundes ei kjensle av svunnen tid. Tida rasar av stad i eit menneskeliv, og ein gløymer fort. Stundom vert minne vekte til liv, ein vert trekt tilbake i tid og åra vert viska vekk. Det er ein god, men samstundes melankolsk oppleving, som gjer ein merksam om at ingen ting varer evig, og at ein må nytte kvar dag til å skape nye minne.

Foto: Erik Ruud
Foto: Erik Ruud

Dagen i dag vert eit nytt minne, og aldri har ein sumardag vore vakrare. Tre, buskar og gras ber fortsatt vassdråpar frå formiddagens livgivande regn, og speglar sola som om dei var drapert med sylv og edelsteinar.

Eg stoppar sykkelen og nyter det vakre synet. Sola brenn mot andletet mitt, men ein lett havbris kjem meg til redning.

Foto: Erik Ruud

Sjølv om byen ikkje er langt unna er dette ein stad der det er langt mellom folk. Ein kan nærast vere her heilt aleine. Området er frodig med mykje blomar, mjødurt og eit yrande fugleliv. Den lisle sandstranda ligg vakkert til innerst i ei bukt, omkrinsa av solvarme svaberg.

Foto: Erik Ruud

I dag skal eg gjere deg eg likar aller best ein sumardag med kysten. Fiske frå svaberga, slappe av på stranda, lese ei god bok og ha noko godt å ete.

Foto: Erik Ruud
Foto: Erik Ruud

Eg prøver fiskelukka frå svaberget, og sjølv om eg har fått råd og tips frå ekspertar så har eg ikkje fiskelukke i dag. Ikkje eit napp eller antydning til liv. Men det gjer ingen ting. Eg kosar meg likevel.

Foto: Erik Ruud
Foto: Erik Ruud
Foto: Erik Ruud

Eg vandrar vidare bort mot stranda og ser at eg har den for meg sjølv. Det er godt å gå barføtt på stranda. Kjenne den solvarme sanda mot føttene og det kalde vannet som svalar.

Foto: Erik Ruud
Foto: Erik Ruud

Det er herleg å nyte ettermiddagssola på svaberget og bare slappe av og lese sumarboka mi. Eg er ingen lesehest, men av og til rekk eg å lese ei bok. Det gjev ei heilt eiga ro å sitte i naturen og sleppe tankane laus med ei god bok.

Foto: Erik Ruud

Dagar som i dag er sjeldne, og denne dagen er bare min. For fyrste gong på lenge er eg heilt åleine, og har bare meg sjølv å tenkje på.

Foto: Erik Ruud

Sjølvsagt skal eg bade. Men vatnet er iskaldt, så det vert fort unnagjort, men det følast godt etterpå.

Foto: Erik Ruud
Foto: Erik Ruud
Foto: Erik Ruud
Foto: Erik Ruud
Foto: Erik Ruud

Sola speglar seg i det blanke vatnet og sumarkvelden er varm og mjuk. Eg sit på stranda til himmelen raudnar og det vert på tide å reise heim. Dagen i dag har vore ein god dag. Ein har godt av å få senka pulsen av og til. Det er viktig å ta seg tid til det.