Eit fruktbart samarbeid

Fyrste gong eg møtte Trond Moi var eg nervøs. Skikkeleg nervøs. Det var i 2012 og eg var berre ei usikker jente frå Setesdal med nokre gløymde tradisjonsrettar eg ynskja å få fram i ljoset. Han var den superkjente meisterkokken med eige TV-program, haugar med kokebokutgjevingar og med gourmetrestaurantar over heile landet. Det synte seg fort at nervøsiteten var ugrunna. Trond var imøtekomande og superinteressert i det eg dreiv med.

Eg er ikkje lenger nervøs for å møte meisterkokken. I dag er me gode vener. Trond og eg, og familiane våre møtast så ofte, at me praktis talt er for same kohort å rekne. Men elles er mykje det same. Me har båe den same respekten og interessa for ulikskapen i våre tilnærmingar til dei gode smakanes vedunderlege verden.

Eg har lært mykje av Trond, men han seier og han har lært mykje av meg. Trond har nemleg ei haldning om han aldri vert utlært. Han er stadig på leit etter ny kunnskap og det finn han hjå alle, seier han. Eg trur at det er den positive og fine haldninga hjå Trond som gjer at eg tykkjer det er så gama å samarbeide med han. I dag kan me sjå tilbake på eit samarbeid som har resultert i fire sesongar med matprogram på TV 2 og to kokebøker. Men samarbeidet strekk seg og utover det som vert synt på skjermen eller kjem på trykk mellom to permar.

I fleire år har me gjort arrangement, matkurs, foredrag og diverse events i lag. Men det siste året har det naturleg nok vore ganske stille. Nedstenginga av samfunnet og koronaen har gjort at mykje har vorte avlyst. Til tider har det vore tøft. Men ein ting er sikkert; med mat som lidenskap fins det alltid moglegheiter og ein vert ekstra kreativ i tronge tider.

No jobbar me med å planlegge ein matkveld der Trond skal lage sine favorittar frå Kystmat og eg skal lage mine favorittar frå Fjellmat. Det skal verte ein meny med det beste frå to verdenar. Meisterkokkelering med havets delikatesser og god og traust tradisjonsmat frå Setesdal. Det er ein fin måte å oppsummere eit langt og godt samarbeid på, og det vert naturleg nok mykje mimring og morosame historier.

Etter noko arbeid er menyen sett. Ein firerettars med lokale råvarer frå kyst og hei. Me går på kjøkkenet, vurderer råvarer og prøvar oss fram. Eg vert alltid imponert når eg ser Trond lage mat. Han talar, vitsar og ler, samstundes som han utfører kokkeferdigheiter som krev full konsentrasjon. Som vanleg tryllar han fram dei mest fantastiske rettar, og eg er heldig og får smake.

Me seier oss godt nøgde med maten og byrjar å tale om kva drikke som passar til. Trond har nettopp innført ein god jusmeny i resturanten, men har og eit enormt utval av gode viner.

Det er krevjande å drive restaurant om dagen, og det er viktig å ha fullt fokus på smittevern og reglar. Men med gode rutinar er det trygt å ete ute. I restauranten hjå Trond er det mykje plass, god avstand mellom borda og strenge smittevernreglar, så alt ligg til rette for at gjestane skal få ein hyggeleg og trygg kveld. Eg gler meg!