Fastelavn – den store bolledagen

Det nærmar seg fastelavn. Den 14. februar vert det pynta det med fastelavnsris og lukta av nysteikte bollar kjem til å breie seg i dei tusen heimar. Eg hadde eigentleg ikkje noko forhold til kva som er opphavet for fastelavnsfeiringa, og måtte lese meg til det. Sjølve namnet kjem frå det tyske ordet “Fasten-Abend” som tyder kvelden før fasten. Det var ein dag då ein skulle fråtse i feit mat. Fastelavn vil alltid falle på ein sundag, 49 dager før 1. påskedag.

Det bind seg eldgamle tradisjonar til fastelavn, som fyrst var ein hedensk vårskikk. Fastelavnsriset er eit symbol på overgongen frå vinter til sumar. Riset vart au brukt som ein fruktbarheitsvekkar. Uansett kva som var opphavet, så liker eg dei tradisjonane me ber med oss i dag og oppskrifta på dei beste fastelavnsbollane har eg frå mor mi. Oppskrifta finn du link til noko lengre ned på sida.

Hemmeligheita for å unngå turre, harde boller er å bruke smør og egg, og ha ei laus deig. Kna deigen godt slik att den vert smidig. Det er viktig å la deigen heve til dobbel størrelse. Når bollane er trilla ut runde og fine er det au viktig att ein etterhevar bollane på brett til dobbel størrelse på ein lun stad eller over damp.

Hever du dei godt før steiking unngår du at bollane sprekk under steiking. Sprekk bollane på kantane er dei underheva. Eg tykkjer au ein får best resultat viss ein steikar bollane på høg varme. Men då må ein passe på så dei ikkje vert brente.

Når du har laga bolledeig, er det eit hav av ulike ting du kan fylle bollane med. Mest vanleg er nok fastelavnsboller med piska krem, vaniljekrem, syltetøy eller friske bær. Men før var det og vanleg og fylle både mandelmasse, eggekrem og sviskefyll inni bollane. Du kan au lage ei grop i bollane og ha i eggekrem på toppen.

Det er lite som minner om vår utanfor stogeglaset. Når eg skriv dette synar gradestokken – 21 grader heime i Valle, men sjølv med det kalde veret kan ein merke at me dag for dag rykker noko nærare våren. Det går mot ljosare tider og me har ei flott tid i vente. Snart skal eg ut å plukke bjørkeris og så kan fastelavn bare kome.