Fjellet er den beste rekreasjon

Det er ei spesiell og krevjande tid. Koronaviruset herjer store deler av verda. Dei menneskelege lidingane og dei økonomiske tapa er store. Eg bur i den vesle bygda Valle i Setesdal. Her har vi enno vore skjerma frå sjølve viruset, men verknadane av eit samfunn som er lukka ned og i kriseberedskap kjem me ikkje unna.

Eg har med gru fulgt med på korleis Italia hev vorte råka hardt og brutalt av ein usynleg fiende. Tidlegare i veka skulle eg etter planen vore i Roma. No kjenner eg på ein merkeleg vemod, og på eit håp om at Italias sår vert hela.

Her i Valle, i mitt lille hjørne av verda, er påska så stille som han aldri hev vore. I ei merkeleg og uvant tid er det likevel noko som er stabilt og uforanderleg. Fjellet ligg der innbydande som det alltid hev gjort, sjølv om påsketuristane ikkje er der. Kvar påske, heilt frå eg var lita, har eg vore på støylen på Setesdal vesthei. Og i ei tid som no er det godt å fylle dagane med noko som er vant og gjev glede.

I år vart det dagsturer på ski for rekreasjon og overnattingstur for å gjere praktisk arbeid. Me må ordne med ved, byte gassdunk og gjere støylsbua klar for sumarsesongen.

Der eg bur er det sollaust frå oktober til februar. Det gjer det ekstra godt å kome på heia for å nyte sola. I år har det vore ei flott påske med godt ver og mykje snø.

Støylsbua er tømra av den lokale snekkerverksemda Rysstad Laftebygg. Det er ei god og solid bu som er tilpassa det harde klimaet på Vestheia. Varmt og godt vert det også etterkvart som elden i ovnen får jaga kulda vekk. Støylsbua er til stor glede både på jakt og turer.

Me gjekk på ski frå støylen og oppover liane. Sola varma godt og etterkvart vart det reine sumartemperaturen. Det gjorde godt med eit solbad på høgheia etter ein lang og sollaus vinter.

   

   

Hunden Sweep er trufast med på tur heile året. Han vaknar til liv når han kjem på heia og det er tydeleg at han trivast.

   

   

Etter ein lang skitur med Sweep er det godt med noko å ete. Grillpylser kjem ein ikkje unna, men aller best tykkjer eg det er med kjøtsteik og heimelaga lefse med godt smør. Kjøtsteik er salta og røykt sidebein av lam som vert grilla på glør.

Etter ein flott dag nærmer påska seg slutten og då er det på tide å heim før det vert for mørkt. Det er gjer godt å kome opp på heia. Det er noko nytt å oppleve kvar gong. Ein reinsdyrflokk som ligg i sola og kviler, rjuper som flyg opp og fantastisk ljos og fargespel på himmelen.