Haustens store glede

Ein herleg sumar er på hell, og no nærmar hausten seg  på høgfjellet. Det er fyrste helga med reinsdyrjakt, og fargespelet i naturen har så smått begynt å endre seg. Det grøne har fått eit hint av gult,  men sumarveret held fortsatt på. Himmelen er gnistrande blå, og gradestokken syner over 20 varmegrader. Det er noko i varmaste laget for reinsdyrjakt. Heldigvis er vinden god, så eg er med godt mot. Allereie på fyrste posten skimtar eg dyr på toppen av fjellet. Dei er langt unna, men eg merkar spenninga breie seg  i kroppen 

Liene på veg opp mot toppane er lange, bratte og tunge å gå i varmen. Men det bugnar  av tytebær, molter, blåbær og krekling. Eg et ein del mens eg går oppover. Det smakar nydeleg, og litt ekstra energi og vete frå bæra gjer godt for kroppen.

I denne varmen er dyra sannsynlegvis lengre inne på heia. Der er det noko kaldere, og ein del mindre snøfonner. Eg har ofte sett at store flokkar ligg i ro ved snøfonnene. Likevel er eg ved godt mot. Eg har allereie sett dyr, og eg veit at så tidleg i jakta kjem det ofte einskilde dyr og mindre flokkar lengre heime.

Etterkvart når eg snaufjellet. Eg går til ein av mine faste postar, og så er det bare å setje seg ned og vente. Eg rekk meste ikke sette meg ned før det dukkar opp ein bukk. Den er tydeleg på veg etter flokken, og etter bare nokre sekund så er den vekk. Den fekk ikkje ferten av meg, så eg vel å vente litt for å sjå om det kjem fleire dyr eller om bukken kjem tilbake. 

Ein fjellvåk flygg rett over meg, eg høyrer ramnane i det fjerne og eg har sett dyr to gonger. Det lovar godt for jakta, og eg kjenner ein god følelse  i kroppen. Sola skin og varmar godt. Naturen rundt meg er magisk og vakker. Eg har god mat og god tid. Livet kan ikkje verte så mykje betre.

Det vert mange timar med venting i det varme veret, og det gjer godt å kunne kjøle seg ned og ta seg ein vask. Ein føler seg meir opplagt og frisk etterpå.

Det er alltid slik med reinsdyrjakt at ting skjer når ein minst ventar det. Eg har gjort nokre tabber. Det har lært meg å alltid ha med rifla om eg bare skal bevege meg nokre meter frå der eg sit på post.  Den lærdommen vart verdifull i dag.