Hev baksten med Bakemjølk

Betalt samarbeid med  Rørosmeieriet

Å bake er eit av mine faste gjeremål på kjøkkenet, og eg bakar fleire gonger i veka. Det er ikkje noko som er betre enn fersk bakst og det tek ikkje lang tid. Dessutan likar eg å teste ut ulike mjølslag, hevemetodar, baketeknikar og steikegrader. Eg nyttar få men gode råvarer når eg bakar. No har Rørosmeieriet, favorittmeieriet mitt, lansert ei ny økologisk Bakemjølk og eg har testa ho.

Kjernemjølk er væska som vert at etter at ein har kinna smør. Tidligare var det vanleg å nytte det i bakst, men dei seinare åra har det vore vanskeleg å få tak i. I den nye Bakemjølka frå Rørosmeieriet er det 50 % kjernemjølk og 50 % skummamjølk som er syrna med meieriets eigen tettekultur. Blandinga skal gjeve luftigare, saftigare og meir haldbar bakst, og eg var difor spent på å prøve det ut.

Eg testa Bakemjølka ved å bake eit byggbrød, grove scones og ei blåbærkake. Byggbrødet har eg baka mange gonger, men dette var første gong med Bakemjølk. Brødet inneheld mykje byggmjøl og det er difor ekstra krevjande å få til å heve godt. Det første eg merka var deiga vart smidigare å handtere og at heveprosessen gjekk raskare. Då eg smaka på det ferdige brødet så var det både saftigare og luftigare enn vanleg, men Bakemjølka hadde og påverka smaken. Brødet smakte både syrligare og søtare, og det gav eit meir komplekst smaksbilete som eg lika veldig godt. Nokre dagar etter eg baka smaka eg på brødet igjen, og det heldt seg veldig godt.

Når eg nytta Bakemjølka i scones og blåbærkaka så fekk eg dei same positive opplevingane som med brødet, sjølv om hevemidlet var annleis. Både scones og kake vart meir luftige, saftige og smakfulle. Eg hadde noko Bakemjølk til overs etter at eg hadde baka og bestemte meg for å lage vaflar. Det var ei positiv oppleving. Eg opplevde at røra vart mykje meir stabil. Sjølv etter at røra hadde stått i ein time for å svelle, så hadde den ikkje skilt seg. Og vaflane dei vart mjuke, luftige og supergode!

Totalt sett er eg supernøgd med resultatet Bakemjølka gav, og eg kjem til å nytte det i all bakst framover. Bakemjølka er eit reint naturprodukt og som alt anna frå Rørosmeieriet er ho økologisk. Dessutan inneheld ho lite feitt og gjev mykje god smak. Eg anbefaler deg å prøve!

Har du lyst til å teste ut Bakemjølka frå Rørosmeieriet og rettene eg laga? Oppskriftene finn du her: