Hipp, hipp hurra!

Betalt samarbeid med Hennig-Olsen Is

Kom mai du skjønne milde, heiter det i songen. Og no er han endeleg her. Den herlege månaden då naturen vaknar til liv frå vinterdvala. Trea vert lauvklede og grøne, dei fyrste blomane blømer, lufta vert mildare og kvelden ljosare. Ein kjenner det kanskje sjølv med at ein vert fylt med meir energi og tiltakslyst. Nasjonaldagen vår, den 17. mai, betyr mykje for mange. Og i år, som i fjor, gjer pandemien at feiringa vert noko annleis enn me er vande med. Men feiring vert det, og da må ein sjølvsagt kose seg med iskrem og god mat.

Sjølv er vand med å feire dagen i lag med sambygdinger på den lokale skulen. Etter at barnetoget med glade barn, veivande flagg og vakker song er avslutta samlast me til leikar, underhaldning, iskrem, kaker og noko å ete. Slik vert det ikkje i år. Den store. bygdefesten er avlyst, og familien min og eg skal feiret dagen heime. Men eg ynskjer å halde fast ved noko av det me er vande med. Så det vert både bunad, flagg og song, og ikkje minst ein meny inspirert av den enkle og gode maten me har tradisjon for å ete på festdagen.

Då eg var lita fekk eg lov til å ete så mykje iskrem eg kunne klare på 17. mai, og eg hugsar at det var noko av det eg gleda meg mest til. Det er ein tradisjon eg har ført vidare for eigne barn, så i år er det bare å fylle opp heimefrysen.

Når eg skal velje meny til fest og feiring, så har eg alltid fokus på å finne retter som kan lagast på førehand. Eg har rett og slett ikkje lyst til å tilbringe festen på kjøkkenet. Under 17. mai feiringa i heimbygda mi vert det alltid servert lapskaus med brau (flatbrød), og det har eg og tenkt at me skal ete i år. Lapskaus er heilt genialt som festmat. Han kan lagast dagen før, er enkel å servere og dei fleste synast det er supergodt.

oppskrift margit dale lapskaus

Lapskaus vert laga på mange ulike vis, og det er ulike tradisjonar gjennom vårt langstrakte land i forhold til kva for ingredienser som skal i gryta. Mi oppskrift byggjer på dei tradisjonane eg er vant med, og vert laga med røykt lammekjøt. Det er sjølvsagt ikkje noko i vegen for å byte ut lammekjøt, med svin, okse eller for den saks skyld viltkjøt om du ønskjer det. Oppskrifta finn du lenger ned på sida.

Som nemnt innleiingsvis kjem ein ikkje utanom iskrem og kaker på 17. mai. Det er på eit vis heilt grunnleggande for feiringa av den store dagen. I år har eg tenkt å kombinere dei to obligatoriske søte freistingane, i ein herleg iskake til dessert. Likeins som med lapskausen, kan iskaka lagast på førehand. Så er det bare å take han ut av frysen og pynte han når desserten skal på bordet.

Mi 17. mai iskake er superenkel å lage og fantastisk god, og kjem garantert til å imponere gjestane dine. Eg lagar iskaka med vaniljeiskrem og sjokoladeiskrem, men du kan sjølvsagt variere med dei variantene du likar best sjølv. Oppskrifta finn du noko lenger ned på sida.

Eg håpar at mitt forslag til ein enkel og god 17. mai meny fell i smak, og eg håpar at dykk alle får ein fin feiring. Tak vare på kvarandre, fylgj smittevernreglane og nyt dagen!

Margits 17. mai meny