Honningkake

Honningkaka er ei av dei kakene ein kan spore lengst tilbake i tid. Dette er min oppskrift på god, gamaldags honningkake. Ho er saftig og smakfull, og held seg lenge i kjøleskåpet.

Vurdering

4.1
(51)

Du treng:

  • 4 egg
  • 200 g sukker
  • 300 g honning
  • 250 g kveitemjøl
  • 1 ts pepar
  • 1 ts ingefær
  • 2 ts nellik
  • 2 ts kanel
  • 1 ts natron

 

Slik gjer du:

Pisk egg og sukker godt med ein miksar. Ha i honningen og pisk vidare. Sikt inn kveitemjøl, natron og krydder. Rør det godt saman til ein klumpfri deig.

Ha deigen i ei brødform (ca. 30 cm), og steik han midt i omnen på 175 grader i ca. 1 time.

«Klassisk honningkake!»

Hva synes du om denne oppskriften?

Klikk på en stjerne for å rangere den!

Gjennomsnittlig rangering 4.1 / 5. Antall stemmer: 51

Ingen stemmer så langt! Bli den første til å rangere oppskriften.

Populære oppskrifter akkurat nå​