Hummerfiske i Lillesand

Det er ikkje kvar dag eg får vere med Arne Thomassen, fylkesordfører i Agder, på krepse- og hummerfiske. Eg er heldig. Heldig som får vere med, og heldig som har ein fylkesordførar som har stutt minne, og som er inkluderande av legning.

I fylkestinget i Agder er Høgres fylkesordførar Arne Thomassen i posisjon, og eg sit i opposisjon for Senterpartiet. Me er stadig uenige om vern av strandsone, vindmøller og diverse anna, men eitt er me einige om; i dag er det ikkje politikk som har fokus. Det er kreps og hummer.

Det vert i det heile eit ganske så tverrpolitisk mannskap på båten i dag, for Arne har og invitert med seg Cecilie Knibe Kroglund, som er leiar i Agder Arbeiderparti. I tillegg er Einar Gathe og Jan Tobiassen med på turen.

Posisjon og opposisjon. Foto: Frode Verpe

Eg gler meg til turen og håper på stille sjø. Eg er langt frå sjøsterk, og blir fort sjøsjuk. Etter at Arne har latt meg få lukte på den rotne makrellen som me skal agne med, vert ikkje utfordringa akkurat mindre.

Makrell som har rotna i fleire dagar er visst godt agn. Foto: Frode Verpe

Fytti katta, for ein stank! Det luktar heilt grusomt, og eg vert uvel. Arne er dreven i faget, og får seg ein god latter av ei landkrabbe til sjøs.

Fytti katta for ein stank av roten makrell. Foto: Frode Verpe

Etter me har passera dei fyrste holmene vert det ein del dønninger. Båten vuggar fram og tilbake, og merkar eg vert kvalm. Eg spør Arne, kor langt me skal ut, men han forsikrer meg om att det ikkje er langt. Eg set meg fremst i båten, og håpar at det skal gå bra.

På veg ut mot ope hav Foto: Frode Verpe
Enno er eg ikkje så sjøsjuk . Foto: Frode Verpe
Foto: Frode Verpe
Flinke folk som kan sine saker. Cecilie, Einar, Arne og Jan. Foto: Frode Verpe
Litt skeptisk når eg ser att det er større dønninger enn venta. Foto: Frode Verpe

Fyrste teina skal opp, og alle er spente på om det er noko i teina. Eg får det ærefulle oppdraget med å trekke opp teina.

Eg får lov og trekke den fyrste teina. Foto: Frode Verpe
Den ligg djupt og Arne hjelper til. Foto: Frode Verpe

Jo då, Arne er havets mann og veit kor ein skal setje teinene. Det er to fine hummer i teina. Me måler kor store dei er, og båe er innafor målet.

Ein flott hummer kjem til syne. Foto: Frode Verpe
Eg tek ut hummeren av teina. Foto: Frode Verpe
Flott hummerfangst. Foto: Frode Verpe

 

Cecilie Knibe Kroglund tek opp endå ei teine mens Einar Gathe og Arne held kontroll på båten. Foto: Frode Verpe

Fleire teiner skal opp og det er fangst i alle. Den eine hummaren har rogn og den må me kaste ut att. Arne fortel meg at eg denne hummaren er framtida, og må ut att for å sikre vekst i bestanden.

Det stikk litt i meg når me må kaste ut eit slikt prakteksemplar, men me fylgjer reglane og eg skjønar godt kvifor det er slike reglar.

Arne måler hummeren og lærer meg om minstemål og maksmål. Foto: Frode Verpe
Ein flott hummer med rogn. Den vert ikkje til mat, men får slippe tilbake i havet. Foto Frode Verpe

     

Me tek opp fleire teiner, og det vert i alt åtte hummer. Det er ein veldig bra fangst så langt ut i sesongen.

Eg kjenner meg litt uggen og må setje meg litt. Jan Tobiassen i bakgrunnen tek over jobben. Foto: Frode Verpe
Foto: Frode Verpe

Foto: Frode Verpe

Bylgjene og dønningene tek på, og eg ber om å få kome inn att til fastland. Arne er ein empatisk mann, og køyrer meg inn sjølv om det er fleire teiner å trekke opp. Dei sjøsterke reiser ut att og eg er nøgd med å få landjord under beina att.

Sjøsjuka til tross; eg er ein storslagen oppleving rikare og har hatt ein fantastisk dag med gilde folk. Takk for turen!

Dei sjøsterke reiser ut att for å trekke fleire teiner. Foto: Frode Verpe