Ikkje eit dyr

Reinsdyrjakta er årets høgdepunkt for meg. Kvart år traskar eg innover Setesdal Vesthei så ofte eg har høve, frå jakta startar den 20.august til den sluttar den siste dagen i september. Eg får alltid dyr. Av og til på fyrste forsøk og av og til etter mange tunge turer. Men i år har det vore spesielt.

På veg innover Ljosådalen med store forventningar. Foto: Frode Verpe

Eg har ikkje sett eit dyr. Ikkje eit spor. Det har vore heilt tomt.

Været har heldigvis vore fint og haustfjellet har gjeve mange storslagne naturopplevingar. Men for ein jeger er ikkje det nok, og ein vert nærast besett av tanken på finne dyr.

Utsikt innover Ljosådalen. Foto: Frode Verpe

 

 

Det vert mykje venting, men når sola skin og det er varmt i veret så er det heilt ok. Her ser ein innover Ljosådalen. Voilenutem ligg mot høgre. Foto: Frode Verpe

Det har vorte mange timar med trasking, og sitje å vente, utan å sjå noko som helst. Reinsdyra går alltid mot vinden. Dette året har vindretninga vore feil, og dyra har sannsynlegvis stått langt vest i heia.

På Nauteto i Setesdal Vesthei. Foto: Frode Verpe
Rjuvetind som det høgste punktet i horisonten. Foto: Frode Verpe
Tolmod er ein dyd. Foto: Frode Verpe

Vinden må helst vere nordaust for att dyra skal kome til området eg jakter i, men i Ljosådalen brukar det alltid vere små flokker og slengjarar. Der kan det alltid dukke opp dyr.

Ikke eit dyr å sjå, men eg kan ikke gje opp. Foto: Frode Verpe
Kaffekoking og matlaging høyrar med når ein er på jakt. Foto: Frode Verpe

Midt i det håplause er det og sjølvsagt gode opplevingar. Det er fint å kunne sette seg ned, for å nyte naturen og lage litt mat. Eg har vorte flinkare til det med åra, til å nyte tida. Eit godt måltid og nykokt kaffi gjer nesten så ein gløymar at dyra glimrar med sitt fråver.

På veg inn til Støylen Øyan. Øyekveven i bakgrunnen. Foto: Frode Verpe
Det er mykje tytebær og blåbær på heia, og det er godt å ete når ein er på jakt. Foto: Frode Verpe

Haustfjellet byr og på mykje godt. Moltene er ute av sesong, men blåbær, tytebær og krekling er på sitt beste. Eg et det orkar, og prøver alltid å plukke noko. Om det ikkje vert dyr, så får ein i alle fall med seg noko heim.

Støylen Øyan på Setesdal Vesthei. Foto: Frode Verpe

Støylen Øyan ligg flott til og er eit godt utgangspunkt for jaktturer inn på høgheia. I løpet av jakta vert det nokre overnattingar, men stort sett går eg heim att før mørket fell på.

På veg frå Øyan mot Skammevarden og Rjuven. Foto: Frode Verpe
Blomane klamrar seg fast i skrinn jord. Foto: Frode Verpe
Margit på Normannaflåta der den gamle Skinnevegen går over fjellet. Skinnevegen var ein ferdselsveg over fjellet vestover frå Valle til Lysefjorden i Rogaland. Foto: Frode Verpe
God utsikt frå Rjuven, men ikkje noko å sjå. Foto: Frode Verpe

Sist vinter var det mykje snø på heia, og det ligg fortsatt snø att i skuggesidene. Reinsdyra er ofte å finne ved snøfonnene når det er varmt i veret.

På dei høgste toppane ligg det og noko nysnø, og ein vert minna om at vinteren ikke er langt unna.

Snøen ligg att frå i fjor. Foto: Frode Verpe
Reinsdyra ligg ofte ved snøfonnene når det er varmt i veret. Foto: Frode Verpe
På veg mot Skammevarden ligg det nysnø på dei høgste toppane. Foto: Frode Verpe

Det er frustrerande å jakte i dagevis utan å sjå dyr, men det er minst like frustrerande når tåka kjem og ligg så tett att ein ikke kan sjå dyra sjølv om ein går rett på dei. Men veret får ein ikke gjort noko med, og det er bare å være tolmodig og vente til tåka letter.

Tåka vert stadig tettare og det er ikkje mange meter med sikt. Foto: Frode Verpe
Motalus jeger i tett tåke. Foto: Frode Verpe
Når tåka er tett så er det utfordrande å ha oversikt over kor ein er i terrenget. Foto: Frode Verpe
Margit finn ein god stad å sitte for å vente på at tåka trekk seg tilbake. Foto: Frode Verpe
Tåka letter og landskapet kjem fram. Foto: Frode Verpe

Mørket kjem raskare for kvar dag, og det er på tide å vandre heim. Jakta er slutt for min del og det vart ikkje dyr i år.

Margit speider etter dyr høgt oppe i Øyekveven. Foto: Frode Verpe

Siste dagane av jakta snudde vinden og det var rein austavind. Då trekkjer dyra mot mitt jaktområde. Dagen etter var eg på veg inn til Oslo for eit møte som var planlagt for lenge sidan. Då fekk eg melding om at dyra kom i hopetal frå Hestebeitet og ned mot Øyan. Det var noko surt å sitte i bilen og tenke på at eg gjekk glipp av att dyra endeleg kom. Men slik er det med jakt. Det er det som gjev spaning. Nå er det bare å gle seg til jakta neste år.