Ingrediensar som ikkje kan kaupast

Det er ofte slik med oss menneske at dei opplevingane og gjeremåla som gjentek seg, vert rutineprega og kjedelege. Det kan gå lenge mellom kvar gong ein lagar eller et eit måltid med humør, glede og lyst. Mange gjer det kjedelege endå meir kjedeleg ved å lage og ete dei same rettane – ofte. 

For å sleppe å tenke for mykje over kva du skal ete, kva du skal handle inn og korleis du skal lage det – så gjentek du deg sjølv gong på gong. Kanskje er det dagar innimellom der du rett og slett ikkje lagar mat, men berre nappar med deg noko frå butikken som er ferdig og klart til å varmast opp

Eg har òg hatt det slik i periodar – men eg veit at du med enkle grep kan bryte mønsteret.

 

På mange måtar er det med mat som med eit samliv. Dersom ein ikkje gjer ein innsats for å fylle dagane med glede og smil, så visnar me sakte. Eg kom til å tenke på dette då eg las oppskrifta til ein rett som heiter amorspudding i gomes gamle oppskriftsbok. Amorspudding høyrdest spanande ut, og eg smilte litt for meg sjølv då eg fekk tydd handskrifta.

Amorspudding
  • 1 kg kjærleik

  • 1 kg truskap

  • ½ l elskov

 

 

Tilsett med passeleg ømheit.

Kyss etter behag. serverast i dunkel

belysning for berre to personar.

Dette skreiv gome som ung jente i 1924. Ei ungjentes hjarte dunka ikkje så mykje annleis for 100 år sidan enn i dag, sjølv om uttrykksforma har endra seg noko med tida.

Eg trur att gome i sin ungdom krinsa inn på noko heilt grunnleggande både når det gjeld forholdet til den ein har kjær, og forholdet til maten me et i kvardagen. Det handlar nemleg om å fylle dagane med noko som betyr noko. Det handlar rett og slett om å finne dei rette ingrediensane.

Mat kan vere gørr og eit ork, men det kan òg vere spanande, inspirerande og fantastisk.

Livet er for kort til å ete dårleg mat. Men livet er og for kort til å ikkje finne glede i det som skjer før maten ligg på tallerken. Og det er her eg trur nykkelen til dei gode matopplevingane ligg. Når det vert gøy å lage mat, vert og maten betre – og eg veit at det er mogleg å gjere den kvardagslege innsatsen på kjøkkenet engasjerande for heile familien.

Det handlar nemleg ikkje berre om å ete maten, men om å dele opplevingar og augneblinkar med familie og vener. Men matinteressa mi stikk eigentleg mykje djupare, eller det vil seie: Ho startar mykje tidlegare i prosessen. Eg likar å fylgje råvarene på heile reisa, frå frøet blir sådd i den solvarme jorda, og heilt fram til middagsbordet. Det handlar på ein måte om å søkje tilbake til røtene, til det opphavelege, til grunnfjellet. Me har altfor lenge vorte sløva av frosen pizza, suppeposar og tex-mex. Naturen og livet byr på så mykje meir.

Ta deg ein tur i skogen, på fjellet eller ut på sjøen saman med familie eller gode vener. Jakt, plukk, sank, fisk og ta det med heim. Lag god mat frå botnen av og gled deg over maten saman med hyggelege folk. Skap smakar og augneblinkar som du alltid vil minnast. Prøv ut ting du ikkje trur du fiksar. Gjer feil og lær av det. Du kjem til å ha det gama heile vegen. La maten få ein verdi i livet ditt – eg er sikker på at du ikkje vil angre!