Kortreist krabbefangst

Eg har havet rett utanfor døra der eg bur i Kristiansand. No har eg satt krabbeteiner for fyrste gong, og er spent på resultatet.

Det er tungt å dra opp teina. Foto: Frode Verpe
Teina er full av krabber. Foto: Frode Verpe

Det er tungt å dra opp teina, og når den bryt vasskorpa, ser eg at eg har nybyrjarflaks. Den er full av krabber.

Teina er på land, men eg vert noko usikker på korleis eg skal gjere med krabbene. Foto. Frode Verpe
Det er mange og store krabber i teina, og eg har ikke lyst til å stikke handa inn til dei. Foto: Frode Verpe

Fyrst vert eg glad for den gode fangsten, men så vert eg noko betenkt. Eg har aldri tatt opp ein teine på eigahand, og veit ikkje kva eg skal gjere med alle krabbene.

Eg gjer slik eg har har sett andre gjere når dei tek opp teiner. Foto: Frode Verpe

Krabbene har kraftige klør, og eg er redd dei skal klype meg. Men eg lyt få dei opp, og gjer slik eg har sett at andre gjer når dei tek krabbene ut av teinene.

Det vert heile 12 krabber på fyrste forsøk. Eg er godt nøgd og gler meg til å lage mat av delikatessene.

Eg har lært å koke krabber av Rune Andersen. Han kan det betre enn nokon anna, men eg vert plutseleg noko usikker på kor mykje salt og kor lenge dei skal koke. Heldigvis står framgongsmetoden i boka me gav ut tidligare i år. Eg slår opp og finn ut att det er ein neve salat per liter vatn og at dei skal koke i 15 minutt.

Vatnet skal vere godt salta når ein koker krabber. Foto: Frode Verpe
Krabbene er ferdig kokte og eg gler meg til å smake. Foto: Frode Verpe

Krabbene er ferdig kokt og nå skal dei kjøle seg ned. Eg tek alle krabbene på ei rist og legg dei ut på terrassen.

Herlege nykokte krabber! Foto: Frode Verpe
Det er ikkje så mykje kjøt i alle krabbene, men klørne er det alltid kjøt i. Foto: Frode Verpe

Nykokte krabber er supergodt. Foto: Frode Verpe

Eg et eit par klør og det smakar heilt fantastisk. Det lovar godt for dei gode rettane eg skal prøve meg på.

Kjøtet i krabbeklørne er utruleg godt. Foto: Frode Verpe
Det er noko styrete å reinske krabbene for kjøt, men smaken gjer det absolutt verdt innsatsen. Foto Frode Verpe

Eg reinskar krabbene og legg det gode kjøtet i ein bolle. Det skal eg nytte til å lage ein god pasta med krema saus med krabbekjøt, og ein krabbesalat på toast.

Oppskrifta på pastaretten finn du her.

Oppskrifta på krabbesalat på toast finn du her.

Herlig pasta med krabbe og kremet saus. Foto: Frode Verpe
Krabbetoasten smakte nydeleg. Foto: Frode Verpe

Båe rettane smakte herleg, og det vert ekstra godt når ein har fiksa råvarene sjølv. Det er fint å tenkje på at ein kan trekke opp slike herlege delikatesser rett utanfor stovedøra.