Meny til kjærleiksdagen

Den 14. februar er verkeleg ein dag å sjå fram til. Det vert mangt å feire. Ja, noko for ein kvar skulle ein tru. Ikkje berre er det fastelavn, men det er og både morsdag og valentinsdag. Sistnemnde er eit relativt nytt fenomen her i landet, men valentinsdagen har ein lang historie i dei engelsk- og fransktalande kulturane. Røtene strekk seg antageleg heilt tilbake til romersk tid.

Maten må lagast og etast med kjærleik
Nokon tykkjer at «alle hjartans dag» eller «kjærleiksdagen», som dagen og vert kalla, er eit hyperkommersielt fenomen som nærast bare er til for å suge pengar ut av folk. Det kan dei kanskje ha rett i. Men når ein skrellar vekk all reklamen, kaupejaget og dei hjarteforma sjokoladeøskjene, så står ein att med ein dag for å feire kjærleiken. Når det kjem til stykkjet trur eg ikkje me har vondt av ein dag som minner oss på å sette pris på den vi har kjær.

Det heiter seg at vegen til mannens hjarta går gjennom magen, men det gjeld nok og for det andre kjønn. Så uansett om din utkåra er av det eine eller andre slaget, vert det ikkje feil om du diskar opp med eit spanande og velsmakande måltid for å feire dykk sjølv.
Eg har sett saman eit forslag til ein trerettars kjærleiksmeny. Den bestend av tre rettar eg verkeleg set pris på. Dei må lagast og etast med kjærleik, og dei har eit fargetema som dreg mot det raude og rosa.

Forrett
Til forrett anbefaler eg himmelske sjøkreps. For meg er sjøkreps den absolutt beste råvara frå sjøen. Mykje betre enn hummer. Og når ein skal feire kjærleiken lyt ein diske opp med det aller beste. I denne retten får den milde og gode sjøkrepssmaken følge av nydelege aromatar. Eg er sikker på at denne kjem til å falle i smak. Oppskrifta finn du her.

Hovudrett
Kjærleikens by skal visstnok vere Paris, men for meg er det Roma. Det kan sjølvsagt ha noko å gjere med at eg gifta meg i byen, men eg trur mest det har å gjere med at Roma er ein tvers igjennom sjarmerande, imøtekomande og vakker by. Dessutan er maten noko for seg sjølv. Til hovudrett vil eg anbefale ein av mine favorittrettar frå Roma: Coda alla vaccinara, eller på norsk; oksehaleragu. Dette er ikkje hurtigmat, men det motsette. Koketida er minst 3 timar, men heldigvis treng du ikkje stå å sjå på medan maten kokar. Eg kan uansett garantere deg at tidsbruken er vel verdt det. Det er ein nydeleg og smakfull gryte, med herleg og mørt kjøt. Oppskrifta finn du her.

Dessert
Kjærleik kan uttrykkast på så mange vis, og nokon gonger vert orda vi seier til kvarandre oppfatta annleis enn dei vart meint. Eg veit ikkje om det var dette som skjedde då kong Harald kom i skade for å omtale dronning Sonja som eit troll under eit TV-intervju. Men eg tenkar uansett at troll kan me alle vere innimellom, og det er då  kjærleiken trekk fram det beste i dei som elskar oss. For kjærleik er og å kunne tilgjeve. Inspirert av kong Haralds kjærleikserklæring anbefaler eg trollkrem til dessert. Ein florlett og luftig dessertklassikar, med ein nydeleg rosa farge. Oppskrifta finn du her.

Eg ynskjer dykk alle ein fin valentinsdag!