Min andre heim

Eg er fødd og oppvaksen mellom høge fjell. Havet og sjøen har aldri vore noko for meg. Dei seinaste åra har eg likevel vore ganske tungt eksponert for det, gjennom innspelinga av TV-serien Kystmat. Og eg har funne ut at eg likar havet, så lenge eg bare kan sjå på det. Eg likar ikke å reise ut på det. Då kjem sjøsjuka kasta på meg, med den minste krusning i vasskorpa.

Dei siste 3-4 åra har eg hatt leilighet i Kristiansand. Eg jobbar der fleire dagar i veka og kan ikkje klare meg utan.

I Kristiansand bur eg tett på havet. Det er på sett og vis eit paradoks, og iallfall ein stor kontrast til garden i Valle. Men eg trivast og tykkjer faktisk det er fantastisk. På dagtid er det ei sydande liv med fritidsbåter, reketrålarar, lastebåtar, fiskebåtar og kajakker, men på kvelden kjem roa. Og det gjev faktisk ei heilt eiga ro å sjå ei solnedgong over havet.

Eg bur så tett på havet at eg faktisk kan fiske frå terrassen. Det er nok likevel tryggast for alle at eg fiskar frå bryggja. Der har eg fått både torsk, lyr og sjøørret, og skulle eg ikkje ha fiskelukka ein dag så ligg fiskebrygga bare nokre hundre meter unna. Og der finn ein sjømat av beste kvalitet, hjå Reinhartsen og dei andre i fiskebasaren.

Sjømat er godt. Det eg likevel set mest pris på ved å bu slik eg gjer, er at ein kan både sole seg og bade rett utanfor stovedøra. Det er ganske friskt å bade så tidleg om sumaren, men sola varmar godt.

Eg har leita ei stund etter møbler til terrassen, og har sett etter noko med moderne design, god kvalitet og som ikke kostar for mykje. På Hersel gard i Froland, hjå Svein Bøylestad, fann eg noko som var heilt perfekt. Då eg kaupte møblane, fekk eg i tillegg servert ein heilt nydelig rabarbrapai. Den bare måtte eg be om oppskrifta på. Oppskrifta finn du her.

        

Eg gler meg til å få dei nye møblane på plass på terrassen og til mange gode stunder i sumar.