Min fødselsdag

Det er sjeldan eg feirer fødselsdagen min. Etterkvart som ein vert eldre er den årlege dagen noko ein forsøker å ta med fatning framfor å feire. Men i år var det “nokon” som ville det annleis.

Eg fekk ei gåve litt utanom det vanlege; to dagar med velvere, avslapning og matopplevingar i Oslo. Noko av det eg fekk oppleve skal eg dele her på heimesida mi. Fyrst eit innlegg om alle dei fantastiske matopplevingane, og noko seinare eit innlegg om alt det andre.

Det heile byrja utan at eg var budd på noko som helst. Saman med Trond Moi heldt eg foredrag på den store matmessa SMAK 2020. Det var gama å halde foredrag og mykje spanande å oppleve på messa. Me møtte med anna ein spansk kokk som tilberedte kjøt frå ei 17 år gamal ku. Ikkje dagligkost her i Noreg, men i fylgje kokken vert kjøtet betre jo eldre kua er. Det smaka fantastisk.

Etter at eg var ferdig på SMAK 2020 trudde eg at eg skulle reise heim til Valle, men der tok eg feil. Turen gjekk rett til det tradisjonsrike og luksuriøse Hotel Continental, som eg kjem tilbake til i neste innlegg.

Etter ei god natts søvn i ei svært behageleg seng, åt eg ein nydeleg frukost på hotellet. Så bar det ut for å oppleve alt det gode hovudstaden byr på.

Det er fint å gå rundt i Oslo og bare nyte livet. Kva dagen skulle bringe av opplevingar var ei overrasking. Etterkvart vart det tid for lunsj og eg var spent på kor eg skulle ete. Gjett om eg vart glad då eg vart geleida inn døra til Brasserie France.

Det er Knut Brottveit frå heimbygda mi som driv brasseriet, saman med sambueren Knut og deira gode vener Ingun og Pål. Dei tok over staden i 2001 og satt seg som mål å tilby gode og klassiske franske retter på ekte fransk maner. Det har dei verkeleg lukkast med.

 

   

Knut tok meg hjarteleg imot, og diska opp med eit imponerande utval av franske delikatesser.

Interiøret og stemninga i lokalet var så umiskjennleg fransk at eg fekk ei kjensle av å vere på eit brasserie i Paris. Alt var så gjennomført. Heilt ned til dei minste detaljar, som tildømes det franske kuvertsmøret.

Det var spanande å tale med Knut. Me har vakse opp i same bygd, men han er ti år eldre enn meg og flutte ut av bygda før me vart kjend. Eg føler likevel at eg kjenner han. Far hans var læraren min på barneskulen, og var sjølvsagt min yndlings lærar. Mor hans bur forsatt i Valle og er ei dame som verkeleg er god på tradisjonsmat og lefsebaking.

 

Posjert egg med grillet artiskokk og jordskokkrem.
Salat med grilla chêvre, aspargesbønner, bakte beter og tomat.
Klassisk tartar med egg, løk, kapers, rødbeter og pommes frites.
Eit smakfullt utval frå dessertmenyen.

Maten på Brasserie France er ujålete og ekte, og det er ein gjennomgående høg kvalitet på råvarar og tilbereding. Det smaka rett og slett fantastisk. Retter som kvitlauksgratinerte snegler med sjampinjongar, salat med grilla chêvre og posjert egg med grilla artiskokk og jordskokkrem var utsøkt. Tartaren eg fekk servert var den beste eg nokon gong har smaka.

Tida gjekk så altfor fort og etter ein herleg dessert med makroner og andre søte freistingar fekk eg ei omvisning i restauranten. Brasserie France er tre etasjer Frankrike midt i den norske hovudstaden. Dei tilsette er dyktige og engasjerte, og maten held ein upåklagleg kvalitet. Det er imponerande kva Knut har fått til saman med sin sambuer og sine vener.

Eg tok farvel med Knut og Brasserie France, og gjekk ut i dei travle sentrumsgatene att. Eg rusla rundt, kosa meg og shoppa litt i favoritt butikken min, men det kjem eg tilbake til i neste innlegg.

Etter nokre timar la eg merke til at me nærma oss Statholdergaarden. Statholdergaarden fekk ei stjerne i Guide Michelin i 1998 og har sidan hatt den samanhengande i 22 år. Det er imponerande å halde så høg kvalitet over så lang tid. Restauranten vart starta av Bent Stiansen i 1994 og han står framleis ved roret. Eg har lenge hatt lyst til å besøke Statholdergaarden, og det synte seg at dette var dagen då draumen vart oppfylt.

Middagen på Statholdergaarden vart toppen av alt ein “date” med sjølveste Bent Stiansen. Det seier seg sjølv at det ikkje kan verte betre. Bent har ein lang og imponerande karriere. 23 år gamal vart Bent kjøkkensjef på Hotel Continentals prestisjerestaurant Annen Etage. I 1990 vann han det fyrste noregsmeisterskapet for kokkar, og i 1993 vann han som fyrste skandinav, verdsmeisterskapet for kokkar, Bocuse d’Or, i Lyon. Frå 1994 har han gjeve Statholdergaarden fullt fokus. Han har og gjeve ut ei rekkje bøker og har delteke i fleire TV-program.

Det var hyggjeleg og lærerikt å møte Bent. Han er ein reflektert mann med ekte “passion” for mat. Me er båe frå Agder og det synte seg at Bent både har besøkt Valle og har mykje kunnskap om den vesle bygda eg kjem ifrå.

     

     

Bent er ein mann med humør og mange gode historier på lur. Samtalen starta med at han fortalte ein historie frå Valle på 50-talet som kanskje ikkje er heilt innafor, men som eg kunne bekrefte er sann.

Ellers var det interessant og høyre han fortelje om korleis han og dei tilsette kontinuerleg jobbar med kvalitet og utvikling på Statholdergaarden. Renomméet som restauranten har fått kjem nemleg ikkje av seg sjølv. Det krev beinhardt arbeid og nulltoleranse for kvalitetssavvik.

Sprøstekt selleripute med kalvetartare, lefse med røkt rensdyrhjerte og pepperrotkrem og torskekrokett med gressløk.
Torskekrokett med gressløk.

Maten på Stadtholdergaarden er i ein klasse for seg sjølv. Perfekt tilberedte råvarer, nydeleg balanserte smaker og med ein presentasjon som små kunstverk i form og farge. Eg har ete på mange restauranter i inn- og utland med både ein og fleire stjerner i Guide Michelin, men har aldri opplevd ein restaurant på dette nivået som er så gjennomført klassisk utan at det vart kjedeleg og forutsigbart.

Lakseceviche med popcorn
Gulrotsuppe med sitrongres, sprøstekt selleripute med kalvetartare, lefse med røkt rensdyrhjerte og pepperrotkrem, torskekrokett med gressløk og ceviche med popcorn.

Bent og kokkane på Statholdergaarden leverer smakskunst på høgt nivå, og heilt utan påverknad frå moderne mattrender. Eit måltid på Statholdergaarden er ei gastronomisk oppleving og eit minne for livet.

Grillet laks med smørbakt akkar, servert med mango og ponzusaus.
Petit fours.

Ei storslagen oppleving vart avslutta med husets petit fours. Eit tre med nydelege søte delikatesser.

Etter eit minnerikt måltid fekk eg omvisning på restauranten. På kjøkkenet var det hektisk aktivitet og eg vart imponert over engasjementet hjå dei tilsette og måten dei jobba sama på. Bent gav inntrykk av å vere ein tydleg og god leiar. Den type leiar som verkeleg ser dei tilsette og både gjev tilbakemeldingar om det som er bra og det som må rettast opp.

      

      

Då tida var inne for å reise heim fekk eg med meg ei gåve frå Bent; fire plater med nydeleg sjokolade laga av den norske “sjokoladeeksperten” Vigdis Rosenkilde. .