Min «perfekte» påske

Påske er sol, snødekte vidder og hyttetur med familien på Setesdal Vesthei. Det er minnene frå dei perfekte påskeferiene på støylen som sit hjernebarken, og det er dei som fyllar meg med lengsel og drøymar gjennom den kalde og mørke vinteren. Eg såg verkeleg fram til ein superpåske då eg reiste frå kysten og heim til Valle i Setesdal. Vervarslet var lovande og heile familien skulle samlast. Men det vart ikkje heilt som planlagt.

Det var altfor mildt og for mykje snøsmelting til at me kunne reise inn til støylen. Den fyrste delen av påska måtte me i staden nyte godværet heime på garden, og teste ut turmoglegheitane i nærleiken. Det vart ikkje akkurat kvite vidder og snøleik, men i staden mange flotte turer på barmark.

Rett bak garden me bur på ligg fjellet Einang. Det er ein fin tur opp til toppen. Det tek bare om lag 40 minutt å gå opp, og der oppe er det ein fantastisk utsikt over Valle. Imens eg venta på kuldegrader, nattefrost og brukbart føre på heia, vart det mange toppturer til fots.

Så kom endeleg nattefrosten og dagtemperaturen vart noko lågare. På langfredag var det betre føre, og heile familien skulle på heia for å nyte påskeværet, den flotte naturen og god mat. Eg reiste fyrst og resten av gjengen skulle kome etter. Til tross for kulda var heia prega av mange varme dagar. Snøsmeltinga hadde kome langt og mange bekkar var opne.

Eg har køyrt snøskuter sidan eg var tenåring og har ikkje hatt nokon uhell. Eit lite klønete augneblink, så gjekk det gale.

Skuteren styrta rett ned i bekken og eg fulgte etter. I eit brøkdels sekund var eg sikker på at eg skulle få skuteren over meg, men eg kom meg unna og kunne krabbe uskadd opp frå bekken. Så vart det bare flautt, og eg kunne ikkje anna ennå  le av heile situasjonen. Vel, vel det vart starten på den idylliske påsketuren til fjells.

Skuteren såg heil ut, men etter nokre forsøk skjøna eg raskt at eg ikkje kunne klare å få han opp utan hjelp. Etter bare nokre minutt høyrde eg ein anna skuter som var på veg i min retning. Det var ein av mine gode naboar som var på veg inn med ved til støylen. Han stussa nok noko når han såg skuteren i bekken, men var ikkje vanskeleg å be om hjelp. Med rå kraft løfta han heile skuteren opp av bekken. Hell i uhell synte det seg at skuteren var uskadd.

 Etter ein i overkant dramatisk start på det som skulle vere ein idyllisk påsketur på fjellet, var det godt å sette seg i sola og slappe av. Eg kan ikkje tenke meg noko vakrare enn å skue ut over det vinterkledde fjellet ein strålande solskinnsdag. I sekken har eg med god mat og om ein lita stund kjem resten av familien opp heia og så skal me ete middag i lag og nyte nokre flotte dagar til fjells.

Eg har med lammekjøt som eg har marinert i ein supergod marinade i to døgn. Kjøtet skal eg grille og servere med tzatziki og tortilla. Eit verkeleg gourmetmåltid som er like enkelt som dei sedvanlege grillpølsene. Det krev bare litt ekstra forberedelser.

 Lag grillspyd og tzatziki på forhånd. Ta med ein grillrist, lag eit bål og du får eit nydeleg måltid ute i det fri. Denne gongen nytta eg ferdiglaga glutenfrie tortilla, men om du har tid så passar det fantastisk med heimelaga tortilla eller eplekake.

Sjå oppskrift på marinert lam med tzatziki her

Sjå oppskrift på tortilla her

Sjå oppskrift på eplekaker her 

Kjøtet var nydeleg, marinaden gav masse god smak, og tzatzikien passa perfekt til. Eg håpar at du finn inspirasjon i mitt forslag til turmat og at du har høve til å nyte resten av påska ute i det fri, enten du er på fjellet eller heime.