Naturen er gåvmild

Etter fleire veker med strålande sumarver trommar regnet mot vindauga heime i Valle. Det som veks og gror får etterlengta vete, og eg kan nytte tida til huslege aktivtetar. Dei siste vekene har det ikkje vore så mykje av det her på garden. Me har hausta morellar, plukka blåbær og bringebær, og sanka mjødurt og geiterams. Me har safta og sylta. Det har sjølvsagt vore noko arbeidsamt, men det har først og fremst vore gama, gjevande og lærerikt. Dessutan har me fått oppleve herleg natur og hatt gode matopplevingar i lag.

Det har fått meg til å tenkje på noko ei eldre dame i Setesdal sa til meg for nokre år sidan. «Naturen er gåvmild. Vi må take i mot gåvene den gjev og fare varsamt med den i takksemd», sa ho. Ho hadde sjølvsagt rett. På sitt daglegdagse vis formulerte ho lærdom og haldningar som eg har teke til meg, og som eg ynskjer å lyfte fram.

Heilt frå eg var lita har naturen vore ein viktig del av min kvardag, og etter kvart som eg har vorte eldre har det å hauste av naturen gjeve meg stadig større glede. Det gamle matstellet gjev kunnskap som kan hjelpe oss til å leve, og ete, på eit vis som tek omsyn til naturen og jorda vår.  

I vår travle, moderne verden kjem det stadig nyvinningar som skal gjere kvardagen enklare. Maten me et kvar dag kjem i aukande grad som ferdige rettar og halvfabrikata pakka i plast. Grunnleggjande kunnskap om kor råvarene eigentleg kjem frå, og korleis maten kan lagast frå botnen av er i ferd med å forsvinne.

På sett og vis kan me snakke om eit kollektivt hukommelsestap. Me har gløymt at me er heilt avhengig av naturen for å leve, og me har gløymt at det krevjast arbeid og slit for at maten skal kome på bordet kvar dag.


Me som er vaksne har eit ansvar for at dei som veks opp får kunnskap og ferdigheiter med seg på reisa gjennom livet. Og dei treng kunnskap om mat som stikk djupare enn å handle han i butikken. Dei treng kunnskap som set dei stand til å sjå det store biletet. Det går nemlig ein uavbrote kjede frå frøet som såast i den solvarme jorda til maten me puttar i munnen kvar einaste dag. Ei kjede som grip inn i vår kvardag og er grunnleggande viktige for våre liv.

Her i landet er me så heldige at sjølv dei som bur i dei største byane lev tett på naturen. I sjø og vatn kan me fiske, og i skog og hei kan me sanke bær og vekstar. Dei som har ein hageflekk, eller for den saks skyld en veranda eller glaskarm kan dyrke. Me har dei beste føresetnader for å bli kjend med naturen og for å hauste av den.

Sumaren byr på storslegne mat- og naturopplevingar, og det gjeld å nytte høvet. Tak med dykk borna eller borneborna og reis ut på tur. Haust av naturen, og lag god mat frå botnen av. Gje dei opplevingar og kunnskap som dei alltid vil minnast!

Eg ynskjer dykk ein fortsatt strålande sumar!