Påska og dei gode smakane

ANNONSE

Det hev vore nokre hektiske, men gama veker etter at boka mi Heimelaga vart lansert. I tillegg til mine vanlege forpliktingar og arbeid med nye prosjekt, hev eg signert hundrevis av bøker og stilt opp i intervju til aviser, vekeblader, radio og podcast. Boka hev vorte teken godt i mot over heile landet og det er sjølvsagt moro at det ein legg så mykje jobb i vert sett pris på. Så eg klagar ikke, snarare tvert om. Men eg merkar at eg er sliten og har behov for å slappe av.

Det er ein strålande vårdag her ved kysten. Naturen har vakna til liv i solvarmen og dei fyrste blomane har alt sprutte opp. Eg unner meg ein pause og reiser ut på svaberga. Der får eg ein fornemmelse av sumar. Det kribler i magen og eg kjenner energien breie seg ut i kroppen. Ikkje bare fordi eg gler meg til sumaren. Men fordi påska er rett rundt hjørnet og då skal eg heim til garden og familien min i Valle. Der vert det kvite vidder, hyttepåske og mykje god mat. Eg gler meg.

Sjølv om koronasituasjonen har spissa seg til  og tiltaka er stramma ytterlegare inn, så er det fortsatt lov å kose seg heime eller på hytta saman med dei næraste. Eg har satt saman ein nydeleg meny som passar perfekt i påska. I påska er har ein fri frå stresset og masset som pregar kvardagen, og ein har moglegheit å lage mat som tar noko meir tid.

Egg og kylling høyrer påska til, og er mitt fyrste val til forrett og hovudrett. Inspirert av det gode været langs kysten har eg og laga ein dessert med iskremklassikaren Sørlandsis med bjørnebær og eggelikør. Den er supergod og absolutt verdt å prøve.

Til forrett anbefaler eg mine djevelegg. Djevelegg er fylte egg som både smaker godt og ser fantastiske ut. Sjølv om namnet kan virke noko skremmande, så er det ingenting å frykte. Dei er herlege små smaksbomber som alle vil elske. Og du velger sjølv kor sterke du vil ha dei. Det er ein evig diskusjon om kva som kom først. Var det høna eller egget? Ikkje veit eg, men eitt er sikkert: i min påskemney er det egget. Oppskrifta finn du her.

Til hovudrett anbefalar eg kylling kokt i raudvin. Dette er min enkle variant av den klassiske coq au vin, og det er ein nydeleg, rustikk rett med mykje god smak. Retten kjem opphavleg frå Burgund i Frankrike og vart laga med hanekjøt. Det er lenge mellom kvar gong ein finn hane i kjøledisken på butikken, så eg tenkjer at det er heilt innafor å byte han ut med kylling. Det tar eit par timar å få denne retten ferdig, men det er den absolutt verdt. Oppskrifta finn du her.

Så var det desserten. Eit måltid er ikke fullstendig utan ein søt og god avslutning. I denne retten er det to klasikarar som møtast: vannbakkels og Sørlandsis med bjørnebær og eggelikør. Det er eit møte som kler dei begge godt. Denne desserten er delikat og ein fryd for ganen. Eg tykkjer det er spanande å bruke iskrem som ingrediens i dessertar, og ikke bare nytte han som ferdig rett. Iskrem er ein anvendeleg råvare som lett let seg kombinere med andre smakar. Prøv denne varianten. Eg er sikker på at du vil like den. Oppskrifta finn du her.

Eg håpar at du finn inspirasjon i mitt forslag til påskemeny og ønskjer deg ein fin påske enten du skal være på fjellet eller heime.