Råvarer ein kan lite på

Betalt samarbeid med Rørosmeiriet

Å lage mat er noko av det eg likar best. Og det er ikkje berre det å lage rettar til spesielle høve eg set pris på. Det er faktisk den daglege matlaginga eg set høgast. Maten skal være enkel og smakfull, og sjølv om det meste er lov i mitt kjøkken så har eg eitt prinsipp eg aldri vik ifrå; gode råvarer. Eg nyttar helst råvarer og produkt som er så naturlege som mogleg. Difor står dei økologiske produkta frå Rørosmeieriet høgt i kurs. Dei er mindre tilarbeid og smakane i grunnråvara kjem meir til sin rett. No har dei gode folka frå det lisle handverksmeieriet lansert økologisk Lett Crème Fraîche og i dag skal eg teste han for fyrste gang. Eg gler meg!

Eg har nemleg sakna crème fraîche i Rørosmeieriet sitt sortiment. Ikkje fordi eg ikkje likar rømme eller tykkjer crème fraîche er «finare» med sitt franske opphav. Nei, det er rett og slett det at han har den unike eigenskapen at han toler varmebehandling veldig godt. Andre meieriprodukt kan skilje seg om dei vert kokt, men Lett Crème Fraîche frå Rørosmeieriet kan du alltid lite på. Det er berre å ha han i maten, koke opp og servere. Og akkurat det gjer den daglege innsatsen på kjøkkenet mykje enklare.

Rørosmeieriets Lett Crème Fraîche er laga med meieriets eigne tettekultur. Tettekulturen er ein fleire hundre år gamal kultur med aktive mjølkesyrebakteriar som opphaveleg kjem frå tettegrasplanten i Røros-traktene. Rørosmeieriets Lett Crème Fraîche har 18% feitt og ein krema og fyldig konsistens. Han tilfører maten syrlegheit og gjer seg godt i smaksrike retter. Som nemnt er han super i varme retter, men han kan og nyttast kaldt i dressingar, dippar og liknande. Han er sjølvsagt økologisk som alt anna frå Rørosmeieriet og heilt utan stabilisator, stivelse, emulgator og alt det som me eigentleg ikkje ønskjer i maten me et.

I dag er det berre dei to døtrene mine og meg sjølv eg lagar mat til, og eg har bestemt for å lage rettar som eg veit fell i smak hjå dei. Dei skal få servert pasta med kylling i ein saus med soltørka tomat, basilikum, parmesan og crème fraîche, og ein viltgryte med reinsdyrkjøt og sopp. Sausen lagar eg til med viltkraft, crème fraîche og geitost. Til dessert vert det ein herleg sjokoladekake. Og jada, sjølvsagt er det crème fraîche i kaka med.

Å lage mat gjer meg glad, men det aller beste er sjølvsagt å nyte maten i lag med familie eller gode vener. Døtrene mine og eg hadde ein triveleg middag med god mat og prat om laust og fast. Om nokre dagar er det haustferie og da samlast heile familien heime på garden i Valle. Og da vert det sjølvsagt meir god mat. Eg skal med anna test ut den nye bakemjølka og middagsosten frå Rørosmeieriet. Det gler eg meg til!

Om du ønskjer å teste ut Rørosmeieriets Lett Crème Fraîche og lage dei same rettane som meg så finn du oppskriftene her: