Setesdal – Kulinariske skattar og levande tradisjonar

Margit Dale er klar med ei ny bok om dei sterke, særmerkte og gamle, men høgst levande mattradisjonane frå Setesdal. For å kunne forstå dei fullt ut må du kjenne historia, levesettet, naturen og kulturen i dalen. Difor finn du ikkje berre oppskrifter med mengder og framgangsmåtar, men ein brei presentasjon av alt det som gjer at Setesdal er Setesdal.

Mattradisjonane i Setesdal har røter tilbake til eldgamle tider og er nærast for ein nasjonalskatt å rekne. Rettene og smakane er styrte av det ein sjølv kan hauste frå naturen, og med sin geniale enkelheit, gode råvarer og reine smakar appellerer dei til moderne smakspreferansar og mattrendar.

Previous slide
Next slide

Folkemusikk, song og dans frå Setesdal var dei første norske elementa som kom på UNESCOs liste over immateriell kulturarv. I denne boka ser me på korleis desse og dei andre kulturuttrykka og skikkane i det løyndomsfulle dalføret er vovne tett saman med mattradisjonane.

Setesdal – Kulinariske skattar og levande tradisjonar inneheld nærare 90 oppskrifter og er fylt til randen med kunnskap og historie. Boka er skriven på eit lettfatteleg vis og er moderne og spenstig i forma. Ho er krydra med intervju av lokale tradisjonsberarar og er rikt illustrert med vakre bilete.

Resultatet er ei kokebok utanom det vanlege. Om du har eit hjarta for Setesdal eller ganske enkelt liker norsk, kortreist og ujålete mat, vil du elske denne boka.

Boka er skriven av Margit Dale og Frode Verpe, og har tekstbidrag frå historikar Leonhard Jansen og folkemusikkvitar og felespelar Annbjørg Lien.