Skogen luktar av ramslauk

Ramslauk er ei ettertrakta plante, og det er ikkje så rart. Den kan erstatte både kvitlauk og purre i maten, og er svært anvendeleg. Smaken er noko mildare enn kvitlauken og den vert difor godt teke imot av dei fleste ganar. Ramslauken er ein viltvaksande matplante som har vorte nytta i kosthaldet i århundrer.

Dei siste åra har den fått mykje merksemd og har fått ry for å være ein «gourmetlauk». Den grøne smaksbomba veks ganske lett tilgjengeleg i låglandet frå sør og opp til Trøndelag. Men som med alt anna som veks i naturen er det sjølvsagt ein føresetnad for å hauste den, at ein veit kor ein skal leite. Eg har nytta ramslauk i matlaging ein del, men eg har aldri plukka den sjølv. No er det høgsesong for ramslauk, og eg skal endeleg få sjansen. Min gode og rause ven Trond Moi, som er ramslaukenusiast på sin hals, har invitert meg med på ramslauk-tur.

Det er ein strålande vårdag på Sørlandet, og det er heilt perfekt med ein dag ut i det fri. Eg er forventningsfull og spent, og i eit skogholt bare nokre hundre meters gange frå bilen er skogbotnen dekka av eit irrgrønt og velluktande ramslaukteppe.  Eg er vant til å gå i timesvis for å plukke molter på heia, så er dette verkeleg ein draum. Og det er kanskje det eg digger mest med å plukke ramsslauk. Ein kan fylle ein heil kurv i løpet av 10 minutt. Den veks så tett i tett.

Imens me plukker talar Trond og eg om alt det fantastiske ein kan lage av ramslauk. Trond bruker den mykje i restauranten sin, Hos Moi på Fiskebrygga i Kristiansand, og har mange gode oppskrifter på lur.  Det er uendeleg av moglegheiter og bare fantasien som set grenser.

Det er ein oppleving å plukke ramslauk. Lufta er fylt av den kvitlaukaktige lukta, og ein kan ikke la være å smake medan ein plukkar. Ramslauken smakar nydeleg og er i tillegg full av vitaminer og antioksidanter.

Me seier oss godt nøgde med dagens fangst, og no er det bare og lage alle dei gode rettane.  Eg planlegg å lage ein pesto og eit ramslaukbrød. Trond vil og lage ein pesto. Den er litt annleis enn den eg skal lage, og det vert gama å smake dei opp mot kvarandre. Dessutan skal han lage ramslauksmør og ramslaukolje.

Du finn oppskriftene på alt de gode Trond og eg laga her: