Trollkrem med eple og vaniljesaus

Vurdering

4.2
(30)

Du treng:

  • 600 g eple
  • 80 g sukker
  • 1 dl vatn
  • 1 ss sitronsaft
  • 2 eggekvitar
Vaniljesaus
  • ½ liter mjølk
  • 3 eggeplommer
  • 3 ss sukker
  • 1 vaniljestong
  • 2 ts potetmjøl

 

Slik gjer du:

Reinsk og skrell epla. Kok dei i vatn til dei er heilt møre. Mos epla og ha i sukker og sitronsaft. Avkjøl mosen.

Pisk eggekvitane stive og ha i mosen. Pisk vidare i ca. 10 minutt til han vert luftig og stiv.

Lag vaniljesaus. Pisk eggeplommer og sukker til eggedosis. Rør inn potetmjølet. Varm mjølka til kokepunktet, og ha litt og litt i eggedosisen mens du rører.

Visp over svak varme til sausen tjuknar. Han må ikkje koke. Del vaniljestonga på langs og skrap ut frøa. Rør frøa inn i sausen.

 Ha trollkremen i dessertglas og server med vaniljesaus. 

«Frisk og nydeleg dessert!»

Hva synes du om denne oppskriften?

Klikk på en stjerne for å rangere den!

Gjennomsnittlig rangering 4.2 / 5. Antall stemmer: 30

Ingen stemmer så langt! Bli den første til å rangere oppskriften.

Populære oppskrifter akkurat nå​