Vårens vakraste eventyr

Lamminga er ei trivelig tid. I år har eg hatt sau i 17 år. Til å byrje med var det vanleg kvit sau, men for nokre år sidan gjekk eg over til villsau. Dei klarer seg mykje betre sjølv og det er lite feilfødsler og lammetap. Dyrlegen har me heller ikkje trengt å tilkalle dei siste åra. Det vert heller ikkje så mange tåtelam, men i år har me tre. Dei får ikkje suge mjølk frå morsauen, men mjølk frå flaske gjer same nytta.

Gjetarhunden Sweep storkoser seg i lamminga og fylgjer godt med på alle bevegelser hjå lamma og sauene. Han er svært lydig og gjør aldri noko utan at han får beskjed om det. Lamma er ikkje redde hunden og går heilt fram til han.

Det vart mange lam etterkvart. I år vart lamminga unnagjort på litt over 2 veker.

Det har vore ein kald vår og beitet er fortsatt ikkje heilt på topp. Men så snart det kjem litt regn og varme så får graset fart på seg.

No som lamminga er ferdig har me flytta flokken frå jordene rundt fjoset, til betre beite og noko grønare gras. Rundballar er ikkje lenger så fristande når det grøne graset kjem, og flokken er lett å flytte på.

Eg hentar mjølk til tåtelamma frå ein lokal mjølkebonde. Nymjølka økologisk mjølk er godt for tåtelamma. Mjølka har eg i dei gamle mjølkespanna som er på garden frå den tida me hadde mjølkekyr. I mjølkespanna held mjølka seg i fleire dagar.

Det er snadder å få denne gode mjølka og lamma veks fort. Snart skal dei klare seg sjølv og vert sendt med resten av flokken på fjellbeite.

Mette og gode etter mjølka finn tåtelamma det svært interessant å helse på fotografen.