
Eg vaks opp på ein gard med sterke tradisjonar, og trur på verdien av hardt arbeid, solid handverk og nedervd kunnskap. Likeins som for generasjonane før meg er kniven mitt viktigaste verktøy
Difor kjenner eg slektskap til dei gode folka hjå Helle. Og difor har me utvikla denne kniven saman.
Matauk og matlaging er viktig for meg, og eg veit at maten vert betre av å dele. Dele i passe stykke. Dele kvardagslykke og magiske augneblinkar. Heime på kjøkkenet og ute i naturen.
Kniven er inspirert av det enkle, jordnære og robuste. Han er utvikla med kunnskap og kjærleik, og laga for hand av folk som veit kva dei gjer.
Bruk han på kjøkkenet. Bruk han på tur. Bruk han til å skape minne.

Lanseringstilbod!
Om Dele
Det høgpolerte knivbladet i 12C27- stål sikrar sylskarp ytelse og enkel oppkutting av all mat du måtte finne på å teste den med. Samstundes har bladet ein tjukk nok rygg til å takle hakking og hardare kutting. Inspirasjon til utforminga av bladet fann vi ved å blande forma til ein tradisjonell europeisk kokkekniv og ein Santoku. Ved å kombinere kvalitetane til desse to kjøkkenknivkulturane, trur vi at vi har funne eit blad med akkurat passe størrelse og form, som gir deg ein god balanse mellom kontroll ved findeling og kraft for større opphakking. Ettersom det er ein kokkekniv, kjem Dele med full flat grind-sliping.
Det ergonomiske skaftet er inspirert av skafta til Helle sine tradisjonelle utandørsknivar, og gir eit komfortabelt og sikkert grep, slik at du kan takle alle kulinariske utfordringar med sjølvtillit. Den flate støtta mellom skaftet og bladet gir eit sikkert frontgrep når du skal hakke lauk eller andre grønsaker. Det fyldige skaftet sikrar samstundes eit komfortabelt grep ved tyngre skjereoppgåver. Skaftet er laga i vårt favorittmateriale – masurbjørk. Bjørkeved har gode antibakterielle eigenskapar, ligg godt i handa – og som ein ekstra bonus har det individuelle mønsteret til masurbjørka den funksjonen at ingen knivar ser like ut.
Standardversjonen av Dele kjem med ein bladbeskyttar i lær som du enkelt kan setje på kniven om du planlegg å transportere den – anten du lar den ligge i skuffa, tar den med deg på kulinariske eventyr eller når du skal ut på tur.



