Gardsliv

Fritidssyslar er ikkje nokon utfordring

Garden eg bur på heiter Systog Dale. Der er eg fødd og oppvaksen, som min far før meg og som hans far før han. Slik har garden vorte ført frå ein generasjon til den neste i mange hundre år. Det ligg ein slags tryggleik i slektsbanda og tradisjonane, men også ørlite gran melankoli. Minne frå borndomen sit i dei gamle veggane, og eg kjenner at det er her på garden eg høyrer heime – og at det er dette eg skal føre vidare til neste generasjon.

For å drive ein gard må ein ha kunnskapen innfor mange område. Ein må kunne drive jorda, skjøte dyra, pleie skogen og forvalte utmarksressursane. Då eg tok over garden som 26-åring hadde eg ingen aning om kor krevjande og arbeidsamt det er, sjølv om eg er vaksen opp her. Hadde ikkje mine foreldre stilt opp med kunnskap og arbeidskraft ville eg nok ha gjeve opp etter kort tid. Om nokre år er det min tur til å stille opp for neste generasjon på same vis.

Her på garden har me den gamle norske sauerasen villsau. Det er nokre herlege og flotte dyr! Sauene er utruleg flinke til å passe på lamma sine. Lamminga går stort sett unna utan problem, men våren er definitivt ikkje ei tid for rolege dagar og lediggang. Epla (potetene) skal settast, grønsakene skal såast, jordene skal gjødslast, det skal gjerdast for sauene – og dessutan har me alltid nokre tåtelam med høglytte krav om merksemd og stell.

«Fritidssyslar er ikkje nokon utfordring på ein gard. Det er alltid noko som må gjerast og ein haug som skulle ha vore gjort. Ein kjem eigentleg aldri i ein situasjon der ein kan seie seg ferdig. Nokre gonger er det sjølvsagt eit slit, men det er alltid meiningsfylt. Ein held kroppen i gong, og det er summen av alle dei små og store gjeremåla som gjør at eg trivst.»

Trass i mykje arbeid og hektiske dagar, er våren absolutt den beste årstida. Naturen vaknar til liv, det vert lengre dagar og arbeidet er både lystbetont og gjevande.

Innhaustinga av epla gjør me i haustferien her på garden. Då eg var lita kalla me hausferien for «epleferie». Det var ikkje tal om å bruke ferien til anna enn å plukke eple. Vaksne og born gjorde noko nyttig saman og når alle epla var på plass i jordkjellaren fekk me servert nylaga komper. Eg trur det var då eg lærte tydinga av å få løn for strevet.

Det meste ein sår og plantar på ein gard gjev snarleg resultat som kan haustast. Slik er det ikkje med skogen. Det tek lang tid. Skog eg planta saman med foreldra mine som lita jente, vert kanskje hogstmogen når barna mine er godt vaksne. Det eg plantar i dag kan først hoggast etter mi levetid.

På mange vis kan det å halde skogen stå som eit symbol på det å halde ein gard. Det handlar om å tenkje i eit perspektiv som strekk seg forbi eiga levetid, å legge forholda til rette for generasjonane som kjem etter.