Kystliv

Eg er fødd og oppvaksen mellom høge fjell

Havet og sjøen har aldri vore noko for meg. Dei seinaste åra har eg likevel vorte ganske tungt eksponert for det, gjennom innspelinga av TV-serien Kystmat. Eg har funne ut at eg likar havet, så lenge eg bare kan sjå på det, men eg likar ikkje å reise langt ut på det. Då kjem sjøsjuka kasta på meg, med den minste krusning i vasskorpa.

Dei siste åra har eg levd eit 50/50 liv mellom bygd og by. I Kristiansand bur eg tett på havet. Det er på sett og vis eit paradoks, og iallfall ein stor kontrast til garden i Valle. Men eg trivast og tykkjer det er fantastisk. Det er spanande å møte nye menneske og oppleve nye ting. By, menneskemylder og leveande miljø er ein fantastisk kontrast til den lisle bygda mi, men det er kontrastane i livet som gjev glede og nye perspektiv. Det er like godt å kome til Kristiansand som det er å kome heim til garden att. Eg får det beste frå båe verdnar og følar meg takksam for det.

På dagtid er det eit sydande liv med fritidsbåter, reketrålarar, lastebåtar, fiskebåtar og kajakker, men på kvelden kjem roa. Og det gjev faktisk ei heilt eiga ro å sjå ei solnedgong over havet.

På garden og på heia er eg trygg på mi eiga kunnskap, men ved kysten må eg heile tida utvikle meg. Eg elskar dei gode og ferske råvarene som havet gjev, og lærar kvar dag noko nytt om korleis ein skal hauste av det. Det er og spanande å lære om mattradisjonane her ved kysten, og så ofte eg rekk er eg i kontakt med flotte og hyggelege menneske som delar av sin kunnskap.

Det eg likevel set mest pris på ved å bu slik eg gjer er den fantastiske naturen som kysten byr på. Frå leilegheita mi på brygga er det ein kort sykkeltur til idylliske områder der ein kan fiske, bade og slappe av.