Om meg

Fra ein generasjon til den neste

Eg er fødd og oppvaksen på Systog Dale i Valle i Setesdal. Garden har stått der sidan 1300-tallet, og i over 500 år har den vorte ført vidare frå ein generasjon til den neste i slekta mi.

I dag er det eg som driv garden, saman med mannen min og våre tre barn. På garden har me med villsau og dyrkar poteter, urter og grønsaker til eige bruk. Dei store utmarksområda som høyrer til garden bognar av bær, urter og vekstar, og gjev fantastiske jaktmogligheiter.

Då eg var lita budde me tre generasjoner under same tak. Det kunne sikkert vere strevsamt og utfordrande for dei vaksne til tider, men for meg var det fantastisk. Når dei andre borna var i barnehage var eg heime på garden med gome og gofa (bestemor og bestefar). Besteforeldra mine høyrde til den siste generasjonen som sverja til naturalhushald. Gome tok meg med når ho skulle safte eller sylte bær, kinne smør, yste ost eller bake.

Som 16-åring flutte eg frå Valle for å gå på skule. I løpet av dei neste ti åra budde eg på Evje, i Kinsarvik, i Kristiansand, i Australia og til slutt i Oslo.

Då eg flutte fra Valle var eg som bygdeungdom flest gått lei av det lisle bygdesamfunnet eg hadde vakse opp i. Eg ville ut og oppleve verda. Dei siste 6 åra før eg kom heim, budde eg på St. Hanshaugen i Oslo. Eg lika meg svært godt i Tigerstaden. Då eg vart spurd om å ta over garden som 26-åring hadde eg mest lyst til å seie nei – men ein sterk forplikting til arv og tradisjon gjorde at eg sa ja.

«Fritidssyslar er ikkje nokon utfordring på ein gard. Det er alltid noko som må gjerast og ein haug som skulle ha vore gjort. Ein kjem eigentleg aldri i ein situasjon der ein kan seie seg ferdig. Nokre gonger er det sjølvsagt eit slit, men det er alltid meiningsfylt. Ein held kroppen i gong, og det er summen av alle dei små og store gjeremåla som gjør at eg trivst.»

Då eg kom tilbake til Valle etter så mange år heimanfrå var eg ikkje lenger den same som flutte der i frå. Oppveksten var sterkt prega av matauke og tradisjonell matlaging. I perioden eg budde i utlandet og storbyane dreide matinteressa seg i retning av alt det nye og spanande, og det gjorde at eg på sett og vis gløymde vekk dei tradisjonane eg vaks opp med. Det å flytte heim sat i gong ein prosess i meg kor eg oppdaga dei gamle tradisjonane på nytt. Eg vart meir og meir overbevist om at det norske tradisjonelle kjøkkenet ikkje står noko tilbake for alt det gode me lar oss inspirere av frå utlandet.

Ein dag eg rydda gjennom gamle papir og bøker på loftet fann eg gomes handskrivne oppskriftsbøker frå 1920-tallet. Det var ein fantastisk skatt og ein utroleg god kjelde til kunnskap som strekk seg mange generasjonar tilbake.

Gomes gamle oppskriftsbøker gav meg ein ide om å lage ei moderne kokebok om dei gamle matskattane frå Setesdal. Eg vart besett av ein tanke om å løfte dei fram og formidle dei på ein måte som gjorde at dei kunne treffe eit stort publikum. Tradisjonar må brukast for at dei ikkje skal døy. Det er derfor viktig for meg å formidle og lære vekk, og på den måten bidra til at kulturen får leve vidare.

Eg jobba i mange år med å tilegne med kunnskap om det gamle matstellet og fundera på korleis eg kunne sørgje for att dei fekk eit nytt liv. Målet mitt var å gjeve ute ei kokebok om dei gamle mattradisjonane frå Setesdal, men det var ein lang prosess og eg kom ikkje vidare før eg i 2013 møtte Trond Moi og Rune Andersen.

I 2015 ga me ut kokeboka eg hadde drøymt om i mange år, og me var og så heldige at me fekk lage TV-serien Fjellmat. Først ein sesong og så ein til. Så vart det to sesonger av TV-serien Kystmat og endå ei kokebok.

Eg kjem nok aldri til å verte sjøsterk, men etter to år med innspeling av TV-serien Kystmat har eg lært meg å sette pris på kysten og havet. Naturen er vakker og råvarene er fantastiske. I dag lev eg eit liv der eg får det beste frå både fjell og kyst, og bygd og by. Eg delar tida mi mellom garden i Valle og leiligheita på brygga i Kristiansand, og trivst med det.

Når eg minnast tilbake til dei fyrste innspelingane av Fjellmat i 2014, vert eg nesten flau. Eg hadde jo aldri møtt Rune og Trond før, hadde bare sett dei på TV og plutseleg stod eg der med dei og eit stort produksjonsteam med kamera, ljos, lyd og alt som høyrer til. Eg som aldri hadde klart å tale framfor ei forsamling og som sprang vekk kvar gong eg såg eit kamera. Takka vere Rune og Trond, og eit tålmodig produksjonsteam gjekk det bra

Det er mykje som har endra seg i livet mitt på kort tid. Eg er så heldig at eg får jobbe med mange spanande og flinke folk og eg får gjere det eg likar best; å formidle matglede gjennom bok, TV, matkurs og her på mi eiga heimeside.