Heilt naturleg

Tekst: fiid kreativ  foto: Frode Verpe, henta frå boka Naturleg – Enkle matoppskrifter og jordnære gleder (Vigmostad & Bjørke 2022)

Det er bare eitt år sidan Margit Dale gav ut kokeboka Heimelaga – Oppskrifter og kvardagsglede frå Margits kjøkken. Boka vart ein stor suksess  og snart er Margit klar med oppfølgjaren. Naturleg – Enkle matoppskrifter og jordnære gleder kjem til bokhandlaren i midten av mars, og me har tala med Margit for å få vite meir om den nye boka.

Den nye boka vart levert til trykkeriet for noko over ei veke sidan, og Margit kan trekke pusten att etter ein hektisk periode. – Me starta arbeidet i mai i fjor. Bare to månader etter at den førre boka kom ut. Sidan då har det gått slag i slag. Det ligg utruleg mykje arbeid bak ei bok, men eg får jobbe saman med dyktige folk og har det veldig gama. No gler eg meg til å sjå boka og er spent på korleis ho vert teken i mot, seier ho.

Margit fortel at ho ønskjer at den nye boka skal få lesaren til å lage godt mat frå botnen av basert på lokale råvarer, og at dei 280 sidene inneheld både gode oppskrifter og eit innblikk i råvarenes veg til kjøkenbenken. – Eg håpar at boka kan inspirere lesarane til å dyrke sine eigne vekstar og grønsaker, til å hauste av naturen i dei nære omgjevnadene sine og til å bli betre kjend med dei gode bøndene der dei bur. I Naturleg – Enkle matoppskrifter og jordnære gleder finn ein råd og tips om korleis ein kan kome i gong, utdjupar Margit.

 

Den nye boka inneheld 90 oppskrifter og det er ingen tvil om at det er ei kokebok det er tale om. Men boka er og mykje meir. Margit har nemleg noko på hjarta. Ho fortel at ho ønskjer å lage kokebøker som er noko meir enn ei samling gode oppskrifter. Rett og slett fordi ho meiner at mat er meir enn tilmålte mengder ingrediensar. – Mat handlar sjølvsagt om både kjensler og identitet, men kanskje mest av alt om kunnskap. Diverre er grunnleggande kunnskap om kor råvarene eigentleg kjem frå, og korleis maten kan lagast frå botnen av i ferd med å forsvinne. Kunnskapen i det gamle matstellet har etter mitt skjøn aldri vore meir aktuell. Noko av motivasjonen min for denne boka har vore å bidrege til å løfte han fram att, forklarar Margit.

I boka beskriv Margit korleis kosthaldet i løpet av ein generasjon har utvikla seg frå å vere basert på mat ein laga sjølv av råvarer ein dyrka, sanka eller kjøpte lokalt, og til å vere nærast bare basert på industrielt produserte matvarer. Det er ikkje berekraftig meiner ho, og seier at me har mykje å lære av det gamle matstellet. – Når eg talar om det gamle matstellet, er det ikkje eit bestemt årstal eller ein avgrensa tidsepoke eg siktar til. Eg siktar til kunnskapen og det praktiske handlaget som set oss i stand til å gjere naturlege råvarer frå våre nære omgjevnader om til god og sunn mat. Dette er kunnskap og handlag som har vorte utvikla og foredla gjennom hundreår, og som for bare nokre tiår sidan var grunnleggande for at ein skulle kunne klare seg sjølv. Dei som veks opp i dag treng meir kunnskap om matstell enn å bare handle han i butikken, seier ho engasjert.

Sjølv om boka krinsar innom tema som berekraft og kor viktig det er med grunnleggande kunnskap om råvarer og mat, så er det ikkje ei alvorstynga bok ho kjem med. Det er tvert i mot ei bok som prisar gleda over gode matopplevingar og det å heile tida lære noko nytt. – Mat er jo det mest spanande og gøyale eg veit, og eg tykkjer at det å dyrke eigne grønsaker og å hauste av naturen gjev maten ein ekstra dimensjon.  Eg har som mål å lære noko nytt kvar dag og heiar på den stillferdige kvardagskunnskapen. Den som ikkje bare sit i hovudet, men som breier seg gjennom heile kroppen og ut til fingertuppane. Eg vert glad av å sjå fiskarar som fileterer fisken utan å tenke over kva dei gjer, og dei som bare gjer akkurat det som skal til for å steike fisken perfekt. Det er desse folka eg talar med for å lære, og det er den kunnskapen eg får, som gjer mat så spanande for meg, forklarar den blide setesdølen.

Oppskriftene i boka spenner seg frå det tradisjonelle til det meir moderne, og sjølv om det er innsmett av eksotiske smakar så er råvarene i all hovudsak norske. Gamle klassikarar som flesk og duppe står side ved side med meir moderne rettar som til dømes «fredagstaco». Sistnemde rett nok i ei fornorska utgåve. Oppskrifta på Margits variant av den både elska og utskjelte «fredagstacoen» finn du noko lenger ned på sida. 

Naturleg – Enkle matoppskrifter og jordnære gleder er å finne i bokhandelen frå 15. mars!

"Fredagstaco" med norsk vri

Gode, norske smaker på ein ny måte. Prøv Margits variant av "fredagstacoen". Oppskrifta er henta frå boka Naturleg - Enkle matoppskrifter og jordnære gleder (Vigmostad & Bjørke, 2022)