Eg har eit stort engasjement for å formidle og eg tykkjer at den beste måte å formidle på er i direkte møte med menneske.
Dei siste åra har eg difor halde mange foredrag for ulike forsamlingar i ulike samanhengar. Det tykkjer eg er gama og inspirerande, og eg deltek gjerne dersom du ynskjer ein engasjert foredragshaldar til ditt arrangement.
Norsk matkultur er ikkje berre oppskrifter, men og verdiar, kunnskap og handlag som set oss i stand til å gjere naturlege råvarer om til god og sunn mat. Verdiar, kunnskap og handlag som har vorte utvikla gjennom hundreår, og som for berre nokre generasjonar sidan var avgjerande for at ein skulle klare seg sjølv.
Dei siste 10 åra har eg jobba for å løfte dei fram og formidle dei på ein måte som gjer at dei treff eit stort publikum. Tradisjonar må brukast for at dei ikkje skal døy. Det er derfor viktig for meg å formidle og lære vekk. I februar 2024 fekk eg Ingrid Espelid Hovigs matkulturpris for dette arbeidet.
Eg har utvikla tre foredrag om norsk matkultur. Dei har fått svært gode tilbakemeldingar og vert halde i ein kombinasjon av tale, bilde og film:
For å nå flest mogleg med bodskapet mitt har eg jobba mykje med å byggje mi eiga posisjon. Folk må nemleg ønskje å høyre det eg vil formidle. Det har ikkje skjedd av seg sjølv: Eg har mått utvikle merkevara mi.
I dette foredraget fortel eg om kva eg har gjort og kjem med konkrete råd og tips til andre som arbeidar med å byggje si merkevare. Foredraget passar gründerar, bedrifter, foreiningar og alle andre som er opptekne av temaet.
For å nå gjennom må ei merkevare ha ein tydeleg identitet og skilje seg ut. I dette foredraget delar eg mine erfaringar frå arbeidet med å byggje mi eiga merkevare:
Alle foredraga kan tilpassas ditt arrangement, men eg lagar og nye foredrag på bestilling. Send inn kontaktskjema for nærare informasjon og booking.
Systog Dale Produksjoner AS
Dalevegen 74
4747 Valle
post@margitdale.no
+47 976 65 179
© 2024 Systog Dale Produksjoner AS.
Alle rettigheter forbeholdes | Informasjonskapslar og Personvernsregler | Drift Aptum