Om meg

Eg vaks opp på garden Systog Dale i Valle i Setesdal. Garden har stått der sidan 1300-tallet, og i over 500 år har den vorte ført vidare frå ein generasjon til den neste i slekta mi.

I oppveksten min budde me tre generasjonar under same tak. Det var nok utfordrande for dei vaksne til tider, men for meg var det heilt fantastisk. Når dei andre borna var i barnehage var eg heime med gome og gofa (bestemor og bestefar). Besteforeldra mine høyrde til den siste generasjonen som sverja til naturalhushald. Gome tok meg med når ho skulle safte eller sylte bær, kinne smør, yste ost eller bake

Då eg var 16 år ville eg ut og oppleve verda. Eg var lei av bygda mi og ville kome meg så langt vekk som mogleg. Det lyktast eg ganske godt med. Etterkvart kom eg meg heilt til Australia.

Etter eitt år «down under» flytta eg tilbake til Noreg, busette meg i Oslo og møtte mannen i mitt liv. Me gifta oss, fekk barn, kjøpte leilegheit på St. Hanshaugen og planla framtida vår der. Så fekk eg spørsmålet frå pappa som endra alt: Vil du flytte heim og take over garden, Margit?

Det var eit krevjande spørsmål som sette kjenslene i sving. Me stortreivst i hovudstaden og det urbane livet hadde festa eit ettertrykkeleg grep om meg. 

 

Fornuften og lysten sa nei. Men ei sterk forplikting til arv og tradisjon trakk meg likevel heim, sjølv om eg ikkje lenger var den same som hadde flytta der ifrå.

Då eg budde i storbyane dreidde matinteressa mi seg i retning av alt det nye og spanande. På sett og vis hadde eg gløymt vekk dei tradisjonane eg vaks opp med. Å kome heim sat i gong ein prosess der eg oppdaga dei på nytt.

Gome og gofa døydde båe nokre år før eg flytta heim. Ein dag eg rydda på loftet fann eg gome sine handskrivne oppskriftsbøker frå 1920-åra. Ein fantastisk skatt og ein utroleg god kjelde til kunnskap som strekk seg mange generasjonar tilbake. Inspirert av dei gamle oppskriftsbøkene brukte eg mykje tid på sette meg inn i tenkjesettet som låg til grunn for det gamle matstellet.

Det gamle matstellet er ikkje berre oppskrifter, men verdiar, kunnskap og handlag som set oss i stand til å gjere naturlege råvarer om til god og sunn mat. Lærdom som har vorte utvikla gjennom hundreår, og som for berre nokre generasjonar sidan var avgjerande for at ein skulle klare seg sjølv

Dei siste 10 åra har eg jobba for å løfte dei gamle mattradisjonane fram og formidle dei på ein måte som gjer at dei treff eit stort publikum. Tradisjonar må brukast for at dei ikkje skal døy. Det er derfor viktig for meg å formidle og lære vekk, og på den måten bidra til at ein livsviktig del av kulturen vår slår rot hjå nye generasjonar.

Eg formidlar gjennom digitale media, bøkar, foredrag og TV, og i februar 2024 fekk eg Ingrid Espelid Hovigs matkulturpris for min innsats for norsk matkultur. Det er ei utmerking eg er stolt av og som inspirerer meg til å fortsette arbeidet.