ANNONSE
Eg liker hausten, luktene, fargane og smakane den bringer med seg. Eg liker at det vert kaldare i lufta og at dagane vert stuttare. Det er godt å være inne med turr bjørkeved som spreier varme i romet, mens regnet trommar mot vindauge ein kald haustkveld.
Naturen flaumar over av gode råvarer. Eg får jakte, fiske og hauste av jordas grøde i både innmark og utmark. Det finst ikkje noko betre enn den maten ein kan lage av gode, ferske og naturlege råvarer som ein sjølv har hausta.
I år har eg gleda meg ekstra mykje til den fyrste haustmånaden. Ikkje bare fordi det vert haust, men fordi eg får nytt kjøkken. I vår var eg innom Strai Kjøkken for å sjå på alle dei lekre kjøkkenmodellane og nytt kjøkken vart satt i bestilling.
Dei siste 3-4 vekene har det vore hektisk aktivitet på garden. Gamalt kjøkken vart demontert og rydda ut og romet vart bygd om. Tunne veggar fekk tjukkare isolasjon, rør og elektrisk vart bytta ut med nytt. Vegger og tak vart kledd og måla. Launes Entreprenør hadde styringa på byggeprosjektet, og dyktige og greie handtverkarar har gjort eit solid arbeid. Romet vart akkurat som eg ynskja.
Så kom endeleg dagen då kjøkkenet frå Strai Kjøkken skulle monterast. Eg var spent og forventningsfull då lastebilen med kjøkkenet kom køyrande inn i tunet. Store og sterke karar bar tunge kjøkkenmodular inn i huset. Alt såg fint og flott ut, og til slutt stod det bare ein tung og stor «kjøkken øy» att i lastebilen.
Det måtte 4 sterke karar til å lyfte den, men trass i iherdige forsøk synte det seg at den var så stor at den ikkje kom inn døra. Løysinga var å ta ut det eine vindauge og få den massive «kolossen» gjennom holet. Både eg og dei 4 kraftkarane trakk eit lettelsens sukk då «kjøkkenøya» endeleg var under tak.
Dagen etter sette dyktige kjøkkenmontørar frå Proff Montasje i gong med å montere. Dei jobbe raskt og nøyaktig, og utpå kvelden var kjøkkenet klart. Endeleg fekk eg sjå det ferdige resultatet.
Etter å ha gått på «oppdagingsferd» på mitt nye kjøkken må eg seie at eg er utruleg godt nøgd både med utsjånad, og dei gode og praktiske løysingane


Den store «kjøkkenøya» i heiltre eik gjev store og gode arbeidsflater, og med stoler inntil gjev den høve til å gjere matlaginga litt meir sosial og triveleg. Eg har bare skuffar på kjøkkenet, ikkje skåp. Eg tykkjer skuffar er meir praktisk, og det er enklare å halde orden i dei.


I det nye kjøkkenet fekk eg ein ting som eg alltid har ynskt meg; kjøleskuffar. Det er utruleg praktisk med kjøleskuffar når ein held på å lage mat. I kjøleskuffane frå Norcool finn eg det eg treng med ein gong og eg slepp å bruke tid på å leite.


Det første måltidet eg laga vart ytrefilet av reinsdyr med jordeple og gulrøter frå eigen åker. Kvitevarene frå AEG er ein draum å bruke. Overgangen frå 17 år gamle kvitevarer til splitter nye med alle tekniske finesser er stor, men dei er heldigvis lette å ta i bruk. Løysinga med benkventilator i koketoppen var ny for meg, men den fungerte godt og eg tykkjer det er fint å sleppe å ha ein ventilator hengande over arbeidsona på kjøkkenet.

Då eg bestemte meg for å kaupe nytt kjøkken, så ynskja eg noko som ser bra ut, er praktisk og har god kvalitet. Kjøkkenet frå Strai Kjøkken har innfridd alle mine ynskjer og no ser eg fram til å lage mykje god mat.
LES MEIR OM STRAI KJØKKEN HER