Noko som varer

Det er mykje her på garden som er gamalt. Me har bygningar frå 1600-talet, og møblar og bruksgjenstandar som er fleire hundre år gamle. Alt har vorte teke vare på og fungerer fint den dag i dag. Dette står i kontrast til mykje av det eg sjølv har tilført garden av nyare møblar og gjenstander. Dei har kort levetid, og går dei sund så er dei enten umogleg å reparere eller det vert så dyrt at det ikkje lønar seg.

Foto: Anders Martinsen
Foto: Anders Martinsen

Då eg overtok garden fekk eg satt inn nytt kjøkken. Det var italiensk design og feiande flott, og det fungerte heilt fint i mange år. Men så kom problema, og sidan har dei ikkje slutta å kome. Hengsler gjekk sund, skuffebotnane gav etter for vekt og dei høglansa frontane tålte ikkje vatn. Eg har kjøpt nye deler, nye skuffar og bytt fronter. Men nå er det slutt. Det går ikkje lenger – kjøkkenet har gått ut av produksjon. No må eg ha nytt.

Foto: Anders Martinsen
Foto: Anders Martinsen

Kvifor er det slik at det som blei laga i gamle dagar er meir haldbart enn det nye?

Det har sjølvsagt noko med kvalitet og handverk å gjere, men det har og med stoltheit og tradisjoner å gjere. Når dei bygde eller laga noko så skulle det vere skikkeleg og haldbart. Slik er det ikkje lenger.

Men heldigvis finnest det unntak. Denne gongen vil eg ha eit kjøkken som toler bruk og som varer. Eg vil ha handverk og kvalitet, men sjølvsagt og noko som ser bra ut. Eg veit kor eg skal finne det.

Gjennom dei siste åra har eg vorte godt kjent med Strai kjøkken, med folka som jobbar der og den tradisjonen og filosofien dei styrer verksemda etter. Eg opplever at Strai har mykje av den same grunntanken som eg hev sjølv. Gamle tradisjoner har verdi og det finns ingen snarvegar til kvalitet. Eg veit at Strai lager alle kjøkkena frå botnen av i verkstaden utanfor Kristiansand. Det er stuttreist handverk og kvalitet  – og garantert ingen kjappe halvvegs løysingar. Valet var ikkje vanskeleg.

Tidlegare i vår fekk eg time hjå kjøkkenkonsulenten Anja på Strai Kjøkken i Avenyen i Kristiansand. Ho synte meg alle dei flotte kjøkkenmodellane og alle dei gode løysingane, me satte oss ned og eg skulle take ei avgjersle. Eg klarte det ikkje. Eg veit kva eg synes er fint og eg veit korleis eg jobbar på kjøkkenet, men eg er ikkje ekspert på å utforme eit kjøkken. Men det er heldigvis Anja.

Når alt kjem til alt; fann eg ut at det tryggaste er å overlate avgjerslene til ekspertane. Når det kjem til kjøkken stolar eg meir på dei i Strai, enn det eg gjer på meg sjølv.

Derfor vart det ei løysing eg ikkje helt hadde sett føre meg. Eller det vil seie; eg anar ikkje korleis løysinga vert. Det finn eg først ut når kjøkkenet vert montert i september.

For nokre dagar sidan fekk eg besøk av Geir frå Strai Kjøkken. Han kom for å kontrollmåle. Eg vart roa av at dei er så grundige at dei sjekkar, og dobbelt sjekkar, så alt stemmar og går i hop til slutt.

Når hausten kjem og kjøkkenet vert montert er eg trygg på at det vert både flott og funksjonelt..og eg er heilt sikker på at eg får eit kjøkken som varer.