Plukk og sylt

Me har lange og gode tradisjonar for å sylte bær, frukt og grønsaker her i landet. For mange av oss har nok sylting eit visst nostalgisk preg. Ein hugsar kanskje tilbake til då bestemor eller mor trylla sesongens bær om til det beste syltetøyet i verda. Slik er det i alle fall for meg. Når eg blundar og lèt tankane vandre, er det mest som om luktene og smakane kjem att.

Ein aktivitet for heile familien

Omfanget av heimesylting er kanskje ikkje like stort i dag som for nokre generasjonar sidan, men inntrykket mitt er at sylteaktiviteten no er aukande rundt i dei tusen heimar etter ein lengre kvileperiode. Det er plutseleg blitt trendy å sylte, og det synest eg er topp!

Det er godt å sjå at alt det gode som veks i hagar og skog, vert nytta som matressurs. Då snakkar me berekraftig ressursforvaltning i praksis. Dessutan er det ikkje til å kome bort frå at det er betre kvalitet på råvarene som me hentar direkte inn frå naturen, enn dei me får frå butikken.

Å sylte er ganske enkelt, og det opnar for aktivitetar som inkluderer heile familien. Barn og vaksne kan kome seg ut i naturen og gjere noko meiningsfylt saman når bær, frukt eller grønsakar skal plukkast. Sjølve syltinga kan òg gjerast til ein morosam happening for alle generasjonar. Det er nemleg lov å vere kreativ og leike seg med blandingar, urter og krydder.

 

Foto: Erik Ruud
Sylt kva du vil

Sylting er sjølvsagt ikkje berre syltetøy. Du kan sylte fruktbitar i sukkerlake og grønsaker i eddiklake. Ja, du kan i prinsippet sylte nærast kva du vil, så lenge det får plass i eit sylteglas.

Sjølv plar eg koke både dei heilt grunnleggande syltetøya og nokre meir kreative marmeladevariantar. Marmeladen er supergod som tilbehøyr til ost, spekemat eller middag. Dessutan lagar eg sylta raudbetar, gulrot og raudlauk. Det er utruleg godt som garnityr i sandwichar og hamburgarar og i salatar.

Foto: Erik Ruud
Nokre grunnleggande syltetips

Det er ein ting som er avgjerande når du syltar: Glasa må vere steriliserte. Slumsar du med dette, kan det kome bakteriar i glaset. Då kan innhaldet mugne eller rotne, og det vil du helst unngå.

Eg plar vaske glasa og lokka godt under rennande vatn før eg dyppar dei raskt i kokande vatn, og til slutt set eg dei inn i steikeomnen på 100 grader i 10–15 minutt. Då får du glas som er steriliserte, og som er heilt tørre.

Fyll det kokevarme innhaldet i sylteglasa så det når heilt opp til kanten. Skru lokket på og snu glaset på hovudet. Då blir det vakuum inne i glaset, og bakteriar får ikkje høve til å utvikle seg.

Gjer du dette rett, kan glaset i prinsippet stå i fleire år utan at innhaldet vert skjemdt. Men det krev og at du lagrar det rett. Det er best om det får stå mørkt og kjølig. Heime på garden lagrar eg det eg har sylta og safta, i jordkjellaren. Der er det optimale lagringsforhold. Før hadde dei fleste jordkjellarar. I dag er det få som bygger nye hus med det, men det går sjølvsagt og greitt å lagre i eit kjølerom eller eit kjøleskap.

Tekst og bilete er henta frå boka «Heimelaga – Oppskrifter og kvardagslyke frå Margits kjøkken» (Vigmostad & Bjørke, 2021)