Foredrag

Dei siste åra har eg halde mange foredrag i svært ulike forsamlingar. Det tykkjer eg er gama og eg deltek gjerne dersom du ynskjer ein engasjert foredragshaldar til ditt arrangement.

Eg har i dag fire foredrag som har fått svært gode tilbakemeldingar. Alle foredraga vert halde i ein kombinasjon av tale, bilde og film:

  • I Setesdals kulinariske skattkammer – om mattradisjonane eg har vakse opp med.
  • Naturen er gåvmild – om jakt og matauke i eit berekraftsperspektiv.
  • Søte freistingar frå gløymeboka – om kvifor eit måltid skal avsluttast med noko søtt og om alle dei gode, gamle dessertane ein hugsar frå barndommen.
  • Gå din eigen veg – om å lykkast med å bygge ein merkevare

 

Alle foredrag kan tilpassast til ditt arrangement, men eg lagar og nye foredrag på bestilling. Send inn kontaktskjema for nærare informasjon og booking.