Bærekraftig forvandling # 1

Betalt samarbeid med kommersielle aktører

Eg har både grua og gleda meg til dette. Grua meg fordi eg veit det er mykje jobb og frustrasjon når ein pussar opp i gamle hus, og gleda meg fordi eg har ein draum om korleis det skal verte når det er ferdig. Saman med interiørdesignar Belinda frå Alma Eik i Kristiansand har eg nytta vekene før jul og romjula til planlegging. Belinda har heile tida vore tydeleg på gode planlegging er halve jobben, og når me møtte handverkarane i dag skjøna eg kvifor. 

Eg har vore noko uroleg for korleis handverkarane ville reagere på berekraft tilnærminga i dette prosjektet. Belinda har forsikra meg om at alt vil gå greitt, og når eg møter teamet senker eg skuldrene. Det er dyktige folk som er seriøse og kan sine saker, og som vert inspirert av å tenke annleis om korleis utfordringane skal løysast. Me har lita tid på dette prosjektet. Den siste fredagen i januar må me flytte inn i leilegheita. Det er nok kanskje det som har stressa meg mest. I møtet med snekker, murer, røyrleggar, møbelsnekker og målar vert et styrkt i trua på at me lykkast på alt me har planlagt, sjølv om me berre har fire veker på oss. Eit felles oppstartsmøte der ein samlar alle som skal jobbe saman er ei god løysing for å få felles forståing av prosjektet og legge ein plan for kva som skal gjerast til ei kvar tid.

 

Berekraftig planlegging

Når me talar om berekraftig forvandling så inneber det at me tenkjar annleis om korleis oppussinga skal løysast. Så lite som mogleg skal rivast ned og bytast ut med nytt. Golv, veggar og tak skal så langt det er mogleg bestå, og sparklast, pussast og målast for å få det uttrykket me ønskjer. Slitne og øydelagde dørar og vindauge skal settast i stand, og interiør som veggfaste benkar og skåp skal få nytt liv. Noko må me tilføre og då veljar me gjenbruk så langt som råd er, og lykkast me ikkje med de så veljar me nye materialar med høg kvalitet og lang levetid. Døme på det siste er veggpanel i termobehandla osp frå Løkkan Tre i Konsmo og vegg- og golvflis frå svenske Bricmate.

Når ein pussar opp på dette viset krevjar det enda betre planlegging enn om ein berre riv ned og bytar ut med nytt. Ein må tenke annleis, finne løysingar som gjer at det gamle kan bestå og at det ein må tilføre av nytt passar i hop med det gamle. Sjølv om Belinda og dei andre hjå Alma Eik har kontroll på dei minste detaljar, har dei førebudd meg på at det vil kome endringar i møte med handverkarane. Og endringar kom det.

Nye paneler frå Løkkan Tre og varme veggfarger frå Gjøco skal gjøre leiligheten lun og innbydende.
Flisene frå Bricmate er laga med inspirasjon frå gamal svensk keramikk
Baderomma

I baderomma hadde me planlagt å tilføre nye vegg- og golvflis på nokre plassar, og behalde eksisterande flis på andre stader. Frode og Christopher frå Tversland Mur og Flis fortel at det ikkje let seg gjere. Det må på plass ny membran for å sikre at bada er tette, og då må det ny flis på alle flater. For å få funksjonelle bad ønskjer me å flytte noko på installasjonane. Atle frå Reiersen VVS fortel oss at det er mogleg å gjere dei endringane me ønskjer utan å rive heile badet ned, men det krev ein del nye installasjonar. Eitt av to toalett må bytast ut og det same må baderomsinnreiinga.

Mykje av dette er funksjonelt og kan fungere godt i mange år til. Målet vårt er å ikkje kaste noko, og eg legg alt saman ut på finn.no for å sjå om det er andre som kan ha nytte av det. Eg var spent på responsen. På berre ein times tid tok 21 personar kontakt, og eg gav alt saman bort til den første. Han hadde eit byggeprosjekt der det ville passe perfekt. Det gjer godt å vite at det skall brukast på nytt, og det følast godt å gjeve det bort til nokon som treng det. Eg har brukt finn.no ganske flittig i det siste, og har kjøpt inn alt av møblar der eller på bruktmarked. Men det skjal eg fortelje meir om ei anna gong.

Atle frå Comfort Reiersen VVS har ansvar for røyrleggerarbeidet.
Christopher og Frode fra Tversland Mur og Flis skal sørge for at baderomma vert oppgraderte med ny membran og filter.
Gamal trapp med moderne look

Saman med Vilhelm og Domi frå Launes Entreprenør tek Belinda, og eg ei synfaring av trappa og gonga i første etasje. I gonga, under trappa står det ein stor varmtvannstank og det er mykje plass som ikkje vert nytta til noko. Dessutan har trappegelenderet behov for ei oppgradering. Belinda har funne ei kreativ løysing der me byggjar bod under trappa, og kler inne trappegelenderet i gips som skal sparklast og målast. Heldigvis fortel Vilhelm og Domi at planane let seg gjennomføre. Det er lite lagringsplass i leilegheita, så den nye boden kjem godt med til å lagre tøy, sko og alt anna ein ikkje ønskjer å ha framme.

Launes Entreprenør tek hand om snekkerarbeiderarbeidet.
I møtet med handverkarane hadde me ei god gjennomgang av heile prosjektet.
Foldedør vert til skyvedør

Frå gonga i andre etasje er det ei stor opning inn til den eine stoga. Den stoga skal verte TV-stoge og den staden ungane kan ha vener på besøk. For å gjere det mindre lytt og for å betre halde varmen i stua, ønskjer me ei dørløysing. Belinda har teikna inn ei flott foldedør, men møbelsnekker Elisabeth frå Tønnas Småsnekkeri foreslår ei skyvedør laga med dei flotte ospepanelene frå Løkkan Tre. Ei foldedør vert rett og slett for dyrt i dette prosjektet. Både Belinda og er nøgd med løysinga til Elisabeth, og eg tenkjer at eg heldig som har handverkarar på laget som både er kreative og tenkjar på kostnadene.

Elisabeth Tønnessen er møbelsnekker og skal med anna lage ei flottskyvedør.
Mykje å måle

Gode handverkarar skal gjere det meste av jobben, men noko skal me gjere sjølv. Det er mykje som skal målast. Veldig mykje faktisk, og det meste skal eg, mannen min og ungane våre gjere. Dei mest krevjande måleoppgåvene skal likevel proffane take seg av. Målarmeister Yngve Bratland kjennar eg frå før. Han har måla heime på garden i Valle, og eg veit at han både er dyktig og ein triveleg kar. I tillegg til jobben han skal gjere har han sagt seg viljug til å kome med gode råd og tips for det me i familien skal gjere. Belinda og eg tala med Yngve om grunnarbeid og fargeval. I det eine stoga skal tak, veggar, lister og endåtil karmane på vindauga målast i same farge. Men aller først må me sparkle, pusse og måle eit strøk med sperregrunn frå Gjøco. 

Eg byrjar å få trua på at dette prosjektet er mogleg å få til på fire veker, at me kan løyse det berekraftig og at det vert den kulaste leilegheita i byen.

Målarmeister Yngve Bratland fortel korleis veggane skal gjerast klar til måling.