Jol i Setesdal

Naturen ligg i sin djupaste søvn under snø og is. Desemberdagane er stutte, og sjølv når sola skin på himmelen, ligg mørket som ei kald påminning i skuggane. Den store kvite stilla pakkar dagen hurtig bort. Men inne, bak frostdekte stogeglas, er det varme og ljos. Det er jol.
Jól er det norrøne namnet på den heidenske festen som vart feira ved vintersolkverv. Dagane vert stuttare fram mot vintersolkverv den 22. desember, men så snur det og går mot ljosare tider. Namnet overlevde innføringa av kristendommen, men det er ikkje berre namnet som heng att. Nei, jola er ei merkeleg tid, der eldgamle heidenske skikkar får spele seg ut i lykkeleg harmoni med kristne skikkar.
Eit følgje av daudingar

På 1000-talet, då kristendommen kom til Noreg, var det ein romersk-katolsk skikk å feire Jesu fødsel den

25. desember. Det heidenske jólablótet vart feira på same tida. Tidleg på 600-talet bestemde paven i Roma at kristenfolket ikkje skulle kjempe imot dei heidenske skikkane. Dei skulle i staden jobbe for å fylle dei med nytt kristent innhald. Slik vart det i Noreg òg. Jolefeiringa gjekk frå å vere i vyrdnad for dei gamle norrøne gudane til å verte ei feiring av Jesu fødsel. Gamle tradisjonar som ølbrygging til jólablótet vart vidareførte, men frametter måtte dei skåle for den jomfrufødde frelsaren si ære.

Oskoreia var eit følgje av daudingar som fór over himmelen på eldsprutande hestar kring joletider. Der følgjet stoppa, kunne det ende med både slagsmål og drap. Frykta for Oskoreia var høgst reell. Den som ikkje passa seg for ho, kunne verte trekte med i følgjet. Salmund Haugebirke var husmann og smed på prestegarden i Valle i 1860-åra. Han fortalte at «engang aaskoreii kom ridende, faldt en kone paa en gaard i Vallebø i besvimelse, og i den tilstand blev hun af flokken ført bort ( ) fem gamle mil mod øst».

At dei frykta eit slikt følgje, er ikkje vanskeleg å forstå. For å skremme ho vekk laga dei støy og larm og fyrte av børseskot i lufta. Over heile landet ringer kyrkjeklokkene jola inn kl. 17 på jolekvelden. I gamle Setesdal small børseskota frå gard og grend. Denne tradisjonen varte ved lenge etter at frykta for Oskoreia forsvann. I Hylestad er det enno somme som ladar børsa for å skyte jola inn. Eit døme på korleis sjølve tradisjonen somme gonger er viktigare enn grunngjevinga for han.

Gamle og nye skikkar

Mange av dei joletradisjonane me held heilage i dag, er gamle skikkar som har vorte tilpassa den kristne trua. Medan andre skikkar er ganske nye. For dei fleste er jolehøgtida synonymt med nissar, gåver og joletre. Og sjølvsagt god mat og godt drikke i rikelege mål. Slik er det over heile landet.

Nissen har eit opphav som følgjer to spor. Han vert både knytt til den kristne helgenen Sankt Nikolaus og til den norske fjøsnissen. Fjøsnissen er opphaveleg den norrøne «gardvorden» eller «rudkallen», som han heiter i Setesdal. Rudkallen var han som etter soga hadde rydda garden, og i jola måtte dei stelle godt med han. Dei sette ut mat og drikke til han, og dei gamle setesdølane trudde at han ville yte hjelp tilbake som takk. Skikken med å sette ut graut til jolenissen er sannsynlegvis ei vidareføring av dette.

Skikken med å gje gåver i jola er gamal og kjem truleg frå romersk-katolsk tradisjon. Gåvene var få, og dei gav kvarandre berre nytteting. Det var ikkje først og fremst barna som fekk jolegåver, men dei vaksne. For tenestefolket var gåvene ein del av lønna. Frå midten av 1800-talet vart det vanlegare at barna òg fekk gåver. Dei vanlegaste gåvene var nye klede som strikka vottar og sokkar, elle reiskapar dei kunne nytte i arbeidet på garden

Opphaveleg gav dei nyårsgåver til kvarandre, men på 1700-talet vart gåveutdelinga flytta til jolekvelden. Nyårsgåvetradisjonen heng likevel att i Hylestad. Når hylstringane møter kvarandre på første nyårsdag, er det om å gjere å seie «nyårsgåve» først. Den som «vinn», får så ei lita gåve av den andre.

Joletreet er ein relativt ny tradisjonen. Skikken kom til Noreg frå Tyskland, og det første joletreet ein kjenner til her i landet, vart pynta i Christiania i 1820-åra. Etter kvart breidde skikken seg frå borgarskapen i hovudstaden og utover landet. I Setesdal kom det pynta grantreet inn i stoga først på slutten av 1800-talet. Det vart likevel ikkje vanleg før eit stykke ut på 1900-talet. Margit Dales oldemor, Birgit Dale (f. 1878), fortalte i eit avisintervju i 1960-åra at det var om lag 50 år sidan dei hadde joletre første gong. Då ho var lita jente, var det berre lensmannen som hadde det.

Jolematen

Maten var ein sentral del av jolefeiringa. Presten Reier Gjellebøl skreiv i 1777 at jola var den viktigaste høgtida for setesdølane, og at dei til feiringa gøymte unna «det bedste, som de have, baade af Mad og Drikke hele Aaret igjennem». Det var nok likevel ikkje slik at dei fråtsa i mat på det viset me gjer i dag. I intervjuet fortel Birgit Dale om jolehøgtida då ho var barn i 1880-åra:

Fyrst var det vasking overalt. Og så var det baking av stomp. Elles i året brukte me ikkje det, men flatbrød. Stompen laga me av bygg, poteter og litt rug. Badstoveomnen var så stor atte, så det gjekk mange brød inn i den.

Me slakta aldri til jol. Me hadde ikkje kjøt då. Festmåltidet jolekvelden var alltid aure, lefse og kålrabi. Auren vart teken i garn på heia om hausten, fin og feit, og salta ned. Og så brukte me sjølvsagt fiskespa (krafta) med jamning. Same maten hadde me joledagen til bitåi (morgonmat). Så bar det til kyrkja for alle som kunne kome av. Og var det føre, fór det ei lang rekkje med hest og slede frametter vegen. Å, du, kor moro det var.

Middagen joledagen var suppe og kjøt. Det var alltid spekekjøt av sau, og i suppa var det erter og heile gryn. Den som ikkje var med i kyrkja, hadde alltid middagen ferdig når dei kom heim. Ja, slik var det i min heim då eg var liti gjente, og slik har det vore allstødt på Dale au. Og slik hadde dei aller fleste det.

I Valle og Bykle et dei nepespa til middag både jolekvelden og nyårskvelden. Det er ein tradisjon som går mange hundreår tilbake i tid. Korleis måltidet vert laga til, kan vere noko ulikt frå gard til gard, men basisen er alltid den same: fisk eller kjøt, nepe, lefse og spa. Før var det nok mest vanleg å ete fisk, men gjennom åra har det vorte stadig meir vanleg med kjøt. I dag er det somme som et både fisk og kjøt.

Sjuande- og tjuandedag jol

Den 31. desember er det nyårskveld, men i det gamle Setesdal vart denne dagen knytt til jolefeiringa. Jola vart rekna for ei mykje viktigare høgtid enn nyår. Leonhard Jansen og Alfred Ryningen skriv i Kultursoga frå Valle kommune frå 1994 at det «ser ut som nemningi sjuandedag jol var vanlegare enn nyår her i dalen». Sjuandedag jol var «bassekveld». Basse er ei godnemning for bjørnen, skriv Olav Bø i boka Vår norske jul frå 1974. Sjuandedagen rekna dei vinteren for halvferdig, og då snudde bjørnen seg i hiet. For å blidgjere bjørnen og avverje skade på buskapen komande sumar kledde éin i husstanden seg ut med ein skinnfell. Han lét som han var ein bjørn, medan barna bydde han graut. Birgit Dale skildra bassekvelden då ho var ung, på dette viset:

Då reid (koka) me bassegraut i skumingi og borna sprang rundt i kring og ropa: – Basse, basse, kom og slikk av grautfura, du fær’kje meir av grautfura enn du fær av bjøddkuin til sjuande kvelden i julo. Det var veldig moro, so sprang me born inn så fort me kunne og var redd for at bassen tok okko.

Den gamle joletida starta den 13. desember og varte heilt fram til 13. januar. Siste dagen i jola vart feira til ære for den danske helgenen Sankt Knut. Det var ei vanleg oppfatning over heile landet at det var Sankt Knut som jaga jola ut. I riktig gamle dagar var tradisjonen i Setesdal at ungdom og vaksne kledde seg ut med skumle masker og fór frå gard til gard med sopelimar for å feie jola ut. Samstundes drakk dei opp dei siste restane av joleølet.

Bassetradisjonen den 31. desember har i dag meir eller mindre døydd ut, medan skikken med å feie jola ut den 13. januar lever i beste velgåande. Innhaldet har riktig nok endra seg. I dag er det barna sin kveld. Dei kler seg ut, og går frå hus til hus og sankar godteri. På same viset som barn andre stader i landet går julebukk i romjula. Gjennom generasjonar har bassenamnet breidd seg. Den 13. januar vert no kalla «basskvelden», og når barna går for å sanke sine godter, vert det omtalt som «å gå basse».

Joletradisjonane endrar seg

Sjølv om mange av dei eldgamle joletradisjonane i Setesdal vert praktiserte i dag, er det òg noko som har endra seg. Og i alle fall på eitt punkt har endringa vorte til det betre. Fram til eit stykke ut på 1800-talet var jolefeiringa prega av rause mengder alkoholhaldig drikke. Å drikke jol er ein skikk som vart omtalt allereie i Haraldskvadet frå rundt år 900. Kvar gard brygga minst éi tønne øl på 116 liter, og det kunne gå hardt for seg i feiringa. Presten Gjellebøl skildra i 1777 korleis det gjekk føre seg andre joledagen:

Den anden Juledag ride de unge Karle om fra den ene Gaard til den anden, drikke og sværme lige fra Morgenen, indtil langt ud paa Natten, hvilket kaldes at ride om Huus. Hva for Uordener heraf flyder, kan man let forestille sig, i det at disse drukne Mennesker ikke alene tidt brække folks Døre op, naar de ikke kunne faae nok at drikke, samt undertiden begaae andre Uskikkeligheder, men og falde af Hestene og komme til Skade.

Slik er det ikkje i dag, og slik har det ikkje vore på mange generasjonar. Det kan me mellom anna takke den religiøse vekkinga på 1800-talet for. Folket i dalføret vart stadig meir religiøse, og lista med kva som var synd, vart stadig lengre.

Men det er ikkje berre bølgjer av religiøs vekking som har endra joletradisjonane. Dei vert kontinuerleg justerte og forma av samtida. Små endringar for kvar generasjon vert til store endringar over tid. Det har òg gjort noko med maten. Eitt døme på dette er fisken til jolemiddagen. Det er ikkje mange som fiskar og saltar ned fjellaure om hausten lenger. Somme fiskar og legg på frysen, men til og med i dei mest tradisjonskonservative heimane er det mange som tyr til frosen kjøpefisk. Det er likevel ikkje slik at nepespatradisjonen er i ferd med å gå tapt. Han har berre måtta endre seg for å få leve vidare.